Kom frå ungdomsrådet: Leiar Ida Bitustøyl er leiar i Vinje ungdomsråd. Det er dei som har sett «Rocket man» på dagsorden.

Fadderordning skal fange opp unge mellom 12 og 18 som fell utanfor. – Me kan ikkje leite på fotballtreningane

– For å fange opp desse ungdomane kan me ikkje leite på fotballtreningane eller andre fritidsaktivitetar. Ungdomane me leitar etter deltek stort sett ikkje på slike tilbod, forklarar ungdomskoordinator Liv Kristin Krog.

Krog har laga ei sak om Rocket man til politikarane på oppdrag frå ungdomsrådet i Vinje. Rocket man er ei fadderordning for å fange opp unge som rusar seg eller på annan måte fell utanfor, og Krog framhevar mellom anna skulen som ein viktig samarbeidspartnar for å oppdage kven som har behov.

Ordninga inneber at kvar deltakar får ein eigen fadder som skal passe litt ekstra på, vere ein som bidreg til å ta gode val, og som tek deltakaren med på morosame og spanande aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rusmiddel på Snapchat

UngData-tal viser at ungdom rusar seg i Vinje; i 2021 rapporterte 15 % av unge mellom 12 og 16 år i Vinje at dei hadde vore rusa på alkohol det siste året. 2 % i same aldersgruppa hadde også nytta hasj.

Marknadsføringa i sosiale medium er til dels pågåande, noko som gjer at me må forvente at ungdom får tilbod om rusmiddel på til dømes Snapchat, utan at dei sjølve oppsøker det.
Espen Mellbye Larsen, Politibetjent

Politibetjent Espen Mellbye Larsen, som jobbar førebyggjande i Vest-Telemark, bekreftar at det er det ei utfordring med rus i regionen, også i Vinje.

– I politiet ser me med jamne mellomrom utfordringar ved bruk av rusmiddel blant ungdom i Vest-Telemark. Noko av utfordringa oppfattar me å vere ei ukritisk framstilling av rekreasjonsbruk i sosiale medium og film/tv. Dette kombinert med at me veit at tilgangen på rusmiddel er god, også i Vest-Telemark, gjennom sosiale medium, skriv Larsen i ei uttale i saksutgreiinga.

– Marknadsføringa i sosiale medium er til dels pågåande, noko som gjer at me må forvente at ungdom får tilbod om rusmiddel på til dømes Snapchat, utan at dei sjølve oppsøker det. Derfor må me ruste ungdom til å vere trygge i eigne val, og vere klar over konsekvensar ved bruk av rusmiddel, utdjupar Larsen.

Grunnlagt i Eidanger

Rocket man vart grunnlagt av Eidanger IL, og administrasjonen i Vinje har kontakta desse for å få vite meir om korleis ordninga bør organiserast. Ut frå dette har dei skissert mannskapet ein treng:

– Ein prosjektleiar i om lag 50 prosent stilling

– Aktivitetsguidar, som er unge vaksne mellom 20 og 30 år

– Trygge vaksne som jobbar på frivillig basis

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ungdom mellom 12 og 18 år som på ein eller annan måte fell utanfor

Full støtte i formannskapet

Budsjettet for Rocket man i Vinje er på litt over ein million kroner i året, og rådmannen sitt framlegg er å opprette prosjektet ein prosjektperiode på fire år. Eit samrøystes formannskap stilte seg bak dette forslaget førre veke.

Kommunestyret handsamar saka torsdag 9. februar.