Ungdomane var positive til arrangementet på flystripa. Knut Homme (t.v.), Kristian Skomedal, Magnus Momrak-Haugan, Gaute Teksle, Olav Momrak-Haugan.
Ungdomane var positive til arrangementet på flystripa. Knut Homme (t.v.), Kristian Skomedal, Magnus Momrak-Haugan, Gaute Teksle, Olav Momrak-Haugan.

– Ein kan berre tenkje seg kor gale det er viss ein køyrer i 60 km/t

Ferdsel på veg var temaet på flyplassen i Fyresdal laurdagen. Eitt av måla var å fremje kunnskap om naudetatanes og sivile si rolle når bilulukka inntreff.

Motordagen i regi av «Tak vare på kvarandre – vi har ingen fleire å miste» hadde mykje på programmet. Motorsyklistar fekk teste seg i køyreøvingar på veg, og dei besøkjande fekk prøve promillebriller, samt kjenne på kroppen korleis det er å hamne på taket i bil, i ein såkalla «Velte-Petter».

Utpå dagen demonstrerte dei ulike etatane korleis dei arbeider når ulykka inntreff. Som «case» vart det tatt utgangspunkt i ei bilulukke med bevisstlaus førar som sat inneklemt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merethe Reinskås frå Fyresdal Røde Kors innleia med å vise korleis du som fyrste person på ulukkesstaden burde handle. Vidare fekk publikum eit innblikk i korleis dei ulike naudetatane jobbar saman då dei kjem fram til ulukka.

Reinskås, som har lang fartstid i Røde Kors, er i tillegg sentral i «Tak vare på kvarandre-prosjektet». Ho meiner det er viktig med ein slik dag

– Me har hatt mykje fokus på tryggleik i vatn, og i vinter vart det arrangert kurs på heia, retta mot snøscooter. Difor er det fint at me også kan arrangere noko som rettar seg mot motorsykkel og bil, seier Reinskås.

Sigurd Skomedal var innsatsleiar for helseteamet på øvinga.
Sigurd Skomedal var innsatsleiar for helseteamet på øvinga.

– Nå er trafikktryggleik noko me jobbar veldig mykje med på skulen. Me har blant anna trafikk valfag som eit fag i tiande klasse. Vidare ynskjer me dette som fag lenger ned i trinna også, føyer ho til.

Ungdomsgjengen har akkurat fullført ein runde i «Velte Petter». Sjølv om det var moro å henge opp ned i bilen, var det også ei påminning om konsekvensane ei ulukke kan føre med seg.

– Det er jo moro. Men det er nok ikkje så moro den gongen det skjer på ekte, fortel Kristian Skomedal

– Er det noko de tenker på?

– Ja det er jo det. Ein merka at det samla seg mykje blod i hovudet. Samstundes var dette ein bil som hadde 0 km/t. Då kan ein berre tenkje seg kor gale det er viss ein køyrer i 60 km/t, seier Olav Momrak-Haugan.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kunnskap reddar liv

Innsatsleiar helse på øvinga, Sigurd Skomedal – var godt nøgd med gjennomføringa, og fortel at samarbeidet med dei andre etatane fungerte godt.

Vidare kjem han med ei viktig melding til publikum.

– Handlinga frå publikum på ulukkestaden kan vere heilt avgjerande for om liv vert redda. Difor er det viktig at folk innhentar seg kunnskap før ein hamnar i ein slik situasjon, fortel han.

Eit eksempel er gode meldingar til naudsentralane

– Meldingar publikum gjev oss er av stor betyding, og me er opptatt av at folk får ei oversikt over skadeomfanget før ein ringer 113. Deretter er det fint om vedkommande kan melde frå kor mange som er involvert, då dette indikerer kor mange bilar som må til ulukkestaden. I tillegg får me eit bilete av kva som møter oss når me kjem dit, legg han til.

redaksjon@vtb.no