Ting ein bør ha i beredskap er blant anna ved, teppe, våtserviettar, nøtter, hermetisk mat, primus med kjele, radio og hovudlykt. Men det er ingen grunn til å endre handlevanane, ifølge DSB. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

DSB: Ha litt ekstra av det viktigaste du treng for å klare deg

Forsyningssikkerheita i Noreg er ikkje trua av virussituasjonen. Likevel oppmodar DSB folk til å ha litt ekstra av det viktigaste dei treng for å klare seg.

Direktør Per K. Brekke i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier han forstår at nokon bekymrar seg for korleis dei skal få tak i mat. Men sidan vara finst i butikkane, kan utfordringa bli å få frakta dei heim, meiner han.

– For dei fleste vil det vere mogleg å få handlehjelp av familie, naboar eller venner. Viss ikkje, kan ein ta kontakt med kommunen for å få hjelp, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass i dette oppmodar han alle nordmenn til å ha litt ekstra av det viktigaste dei treng for å klare seg sjølv i minst tre dagar.

Oppmodar til å ha litt ekstra

Direktoratet for sikkerheit og beredskap (DSB) har tidlegare utarbeidd ei

På lista står det mellom anna at ein bør ha to pakkar knekkebrød, ei pakke havregryn, tre boksar middagshermetikk eller posar med tørrmat per person, og dessutan nokre posar med tørka frukt, nøtter, kjeks eller sjokolade.

På lista står det òg at ein bør ha medisinar ein er avhengig av, do- og tørkepapir og førstehjelpsutstyr.

– Treng ikkje endre handlevanar

– Viss fleire av oss er i stand til å ta vare på oss sjølve og dei rundt oss ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst, seier DBS-sjefen.

Han understrekar overfor NTB at virussituasjonen i Noreg ikkje truar forsyningssikkerheita, og at det ikkje er nødvendig å hamstre.

– Det er ikkje noko i situasjonen no som gjer at folk treng å endre handlevanane sine, seier han.

– Det viktigaste folket kan gjere no, er å følgje rådet frå helsestyresmaktene, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nok febernedsettande og basisvarer

Førre veke melde fleire matvaregrossistar og matvarekjeder om ein kraftig auke i etterspørselen etter tørrmat, vassdunkar og hermetikk.

Apoteka har meldt at dei utselt for munnbind og at dei jobbar for å møte etterspørselen etter handsprit. Apotek 1 opplyser til NTB at det òg er stor etterspørsel etter meningokokkvaksinar mot lungeinfeksjon.

– Vi merkar ei auka tilstrømming av kundar og har innført rasjonering av Antibac. Vi ser òg at vi sel meir såpe, fleire termometer og hanskar. I det siste har vi òg selt meir C-vitamin, seier kommunikasjonssjef Kjersti Solberg Ofstad til NTB.

Det finst ikkje bevis for at C-vitamin hjelper mot koronaviruset. Folkehelseinstituttet skriv på nettsidene sine at det ikkje finst noka spesifikk behandling eller vaksine mot sjukdommen.

--------------------------

Fakta:

Her er DSBs liste over korleis ein kan dekke behov i tre døgn ved ein krisesituasjon:

* 9 liter vatn per person

* To pakkar knekkebrød per person

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ein pakke havregryn per person

* Tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person

* Tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person

* Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade

* Medisinar du er avhengig av

* Ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming

* Grill eller kokeapparat som går på gass

* Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe

Artikkelen held fram under annonsen.

* Fyrstikkar eller lighter

* Varme klede, pledd og sovepose

* Førstehjelpspakke

* Batteridriven dab-radio

* Batteri, batteribank og mobilladar til bilen

* Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel

* Tørke-/toalettpapir

* Litt kontantar

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin

* Raudsprit til oppvarming og matlaging

* Jodtablettar (til bruk ved atomhendingar)

Kilde: DSB/Sikker kvardag

(©NPK)