Tidlegare besøk: Sjølv om Donald til no har hatt stiv Andeby-dialekt, er han ikkje framand for Vest-Telemark som region. Han parkerte i alle fall tydelegvis på Dyrsku'n i 2016. Arkivfoto.

Disney-favoritt kan bli vinbygge

I dag, 1. mars, går fristen ut for å røyste på Donald Ducks nye dialekt. Vinjemålet ligg i skrivande stund på andreplass i avrøystinga.

Det er dei norske utgjevarane av Donald Duck & Co som står bak tevlinga – Heile Noreg kvakkar! – der dei vinnande dialektane vil finne vegen til Andeby. Dei opplyser om at dei fekk inn over 1 000 forslag til dialektar, men har plukka ut tolv av dei mest populære forslaga. Blant dei tolv er altså vinjemålet, som, då denne artikkelen vart publisert torsdag kveld, låg på tredjeplass i røystinga med 823 røyster, drygt halvparten av røystene for Fredrikstad, som låg øvst med 1 586.

Frå torsdag kveld til fredag føremiddag har det gått varmt i avrøystinga, vinjemålet har så godt som dobla talet på røyster over natta, til 1 643, og har klatra opp på andreplass på lista. Fredrikstadsdiakelta ligg framleist øvst, med 2 134 røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Visit Vinje har omtala tevlinga på si nettside:

«Det hadde væl vøri gørr moro om Donald rødde som kønn i Vinje, syns du ikkje?»

Siste frist for å røyste er til og med i dag, 1. mars – via denne lenkja. Det blir ikkje opplyst om kor mange dialektar Donald og resten av endane skal snakke i løpet av året.