Midtpunkt: Tjønna på nedsida av Hestenutan er Telemarks midtpunkt, ifylgje Statens kartverk. Her nyttar nokon i turlagsfylgjet høvet til ein dukkert på veg til fjellnuten.

Dette er det offisielle midtpunktet i Telemark. – Magisk. Du er i eit eventyr!

Med dei nye endringane i kommune- og fylkesgrensene, har me også fått fleire nye geografiske midtpunkt.

Med endringane som tredde i kraft 1. januar i år, har Noreg no 357 kommunar og 15 fylke. Kartverket har hatt ei sentral rolle i gjennomføringa av reforma, av di dei forvaltar eigedomsregisteret matrikkelen og den såkalla grunnboka. I tillegg forvaltar dei kart og geografisk informasjon. Det gjer at dei kan berekne kva som er midtpunktet i alle kommunar og fylke, forklarar dei i ei pressemelding.

I Telemark er midtpunktet i Seljord kommune – ei tjønn på nedsida av Hestenutan mot Sundsbarmvatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midtpunkt: Dette er midtpunktet i Telemark, ifylgje Statens kartverk.

Seljordingen Hans Inge Hagen, som mellom anna har utvikla tur-appen Fintur, er godt kjent i området, og kan ikkje få fullrose omgjevnadene nok.

– Veldig moro! Dette er både erke-norsk og unorsk på ein gong, utbryt Hagen om landskapet.

Han anbefaler den DNT-merka turen frå Bygdardalen i Kivledalen til Finndalen, via Høna, for så å gå ein rundtur i Hestenutan.

– Finndalen er den finaste dalen eg veit om lokalt, held han fram.

For å kome til tjønnane kan ein ikkje fylgje Finndalen heile vegen, men ein må bevege seg opp på åsryggen.

– Om du ikkje er kjent, finn du det ikkje.

Her er det eit landskap som Hagen kallar «magisk» og som toler samanlikning med Alpane.

Han legg til at Seljord turlag har hatt fleire turar og utforska området, og fleire har nytta høvet til å ta seg ein dukkert i fjellpytten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men kva heiter desse små vatna som ligg tett i tett på nedsida av Hestenutan? Hagen har vore i kontakt med fleire, men førebels utan å få svar.

– Ikkje anna enn at dei kalla det «opp mot Heimdalan og Heimnuten», seier Hagen som ser moglegheitene til å kunne namngje tjønnane til sommaren. Han ser også potensial i å gjera meir ut av området og skisserer å lage ein «basecamp» her med lavvo.

Fin tur: Hans Inge Hagen er engasjert i Seljord turlag og vil ha folk ut på tur. Han har laga appen «Fin tur» for at andre skal kome seg ut på lokale stiar.

På tur

Han har tidlegare skrive dette om området på Facebook-sida si:

«Då får du sjå noko du sjeldan vil gløyme. Her kan du bestige tindar og sjå på flyvrak. Bade og fiske. Gøyme deg vekk i ukjende, små dalføre eller sitje på ein liten topp, som Tulla, og sjå ned på grønt vakkert landskap, med små fjellvatn med fiskevak i. Fullstendig magisk område!! Og dette ligg hos kånn! Legg ein tur hit, i sommar!».

Troll: – Trøllungan kallar eg dei steinane, som ligg på rad og rekke og vippar mot kanten der – tett inntil desse vatna, seier Hagen. Dei forsteina småtrolla er på Finndalsbergi.

Hestenutan er mest kjend for at det tyske passasjerflyet «Hermann Stache» styrta der i oktober 1944. 15 personar omkom. Dette skjedde fem veker etter at eit amerikansk fly styrta nokre kilometer bortanfor på Gøysen.

For å koma til flyvraket på Hestenutan kan det vera eit betre alternativ å gå opp frå Stav i Flatdal, meiner Hagen om vraket som ligg på nordsida av nuten.

Om det ikkje passar med ein tur akkurat i dag, kan du bli med Hans Inge Hagen Hestenutan rundt:

Dette er midtpunktet i Vinje kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er midtpunktet i Seljord kommune.

Dette er midtpunktet i Tokke kommune.

Dette er midtpunktet i Kviteseid kommune.

Dette er midtpunktet i Nissedal kommune.

Dette er midtpunktet i Fyresdal kommune.

Ikkje midt på aksen

– Det er mange som tek utgangspunkt i utstrekning og trur at midtpunktet ligg midt mellom på nord/sør- og aust/vest-aksen. Arealtyngdepunktet er likevel noko anna. Det blir litt som forskjellen mellom gjennomsnitt og median, seier senioringeniør Martin Egger i Kartverkets landsdivisjon.

Hestenutan: Hestenutan er på 1281 meter. (Gøysen er høgste punktet på Skorve (1370 moh.))
På tur: Seljord turlag på tur ein sommar på veg mot Hestenutan.

Balansen på kartet

Forklaringa er slik: Fordi fylkes- og kommunegrenser gjerne følgjer fjell, fjordar og ferdselsårer, er areala asymmetrisk fordelte. Eit stort areal i sørvest vil dermed dra midtpunktet etter seg. Tenk derfor heller på midtpunktet som den staden der ein pappkopi av kommunekartet vil balansere på ein pennespiss, rår Egger:

– Kartkjelda vår er N50 kartdata, som er det same kartgrunnlaget som du kjenner frå turkart. Informasjonen er også oppdatert i Kartverkets gratis kart-app «Hvor?». Hugs derfor å oppdatere datafilene i appen, slik at dei nye turkarta med rette fylkesgrenser er tilgjengeleg også når du er utan mobildekning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Artige utslag

Midtpunkt gjeld elles alltid berre landsareal inkludert øyar. Derfor må det ein del forarbeid til for å berekne det. At det berre er landsareala som utgjer grunnlaget, gir også berekningane nokre rare utslag: Ålesund og Kinn er delt av ein annan kommune, men begge har likevel det geografiske midtpunktet innanfor kommunen. Kommunane Vaksdal og Stad har arealtyngdepunktet plassert i nabokommunane. Det geografiske midtpunktet for Finnmark fylke ligg berre eit par mil unna grensa til Finland.

Listene med midtpunkta i norske fylke og kommunar finn du på Kartverket.no. Der kan du også sjå kva som er Noregs geografiske midtpunkt.

(©NPK)

Noregs midtpunkt har koordinatane 63° 59' 26'' nord, 12° 18' 28'' aust, eller 7 098 745 N, 368 304 E (UTM sone 33). Foto: Kartverket
Noregs nye midtpunkt ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag, om lag midt mellom Vakkerlifjellet og Skjækervatnet. Midtpunktet er markert med ein bauta – midt i det teoretiske arealtyngdepunktet (der passarspissen ville stått). Foto: Kartverket