Dette er det nye ungdomsrådet

Tre vidaregåandeelevar er med i ungdomsrådet i Seljord.

Seljord kommune har i mange år hatt ungdomsråd. Etter kommunelova er det kommunestyret som skal velje representantar til rådet etter forslag frå elevråd på skulen.

– Det har vore ei utfordring for oss over tid å få med dei eldre ungdommane, sidan me ikkje har ein vidaregåande skule i bygda lengre. Men nå har me tre vidaregåandeelevar som ynskjer å vere med saman med ungdomsskuleelevane, uttala rådmann Rikke Raknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har hatt eit engasjert ungdomsråd over tid, og at me nå får med dei eldre ungdommane frå vidaregåande også er veldig fint, det har me hatt eit stort ønske om å få til, seier ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp).

Seljord ungdomsråd 2022

VGS: Abdi-Rahin Lognvik Vartdal, Ambros Rønjom-Rue og Anne Haugland.

10. klasse: Celina Lauvstad og Maida Abdi Mohamed.

9. klasse: Tyril Kleiva og Lucas Sjerve Evensen.

8. klasse: Natnael Tesfay og Sondre Dahl Kasland.

Vararepresentantar er: Karsten Ek Rinde (10. klasse), Alexander Norgaard (9. klasse), Saifullah Gadamurov (8. klasse) og Sondov Romtveit (8. klasse).

I reglane for ungdomsråd står det at det skal veljast to representantar frå kvart trinn på ungdomsskulen, og inntil fire representantar frå VGS/aldersgruppa 16 til 18 år. I tillegg skal det veljast vararepresentantar. Representantane må vere folkeregistrerte i Seljord kommune. Elevråda på skulane kjem med forslag til nominasjon og rådet konstituerer seg sjølv.

Representantane blir valt for to år av gongen, og det gjennomførast suppleringsval kvart år slik at dei nye 8.- klassane også får representantar i rådet.

– Det skal bli utarbeidd nye vedtekter for rådet i løpet av inneverande skuleår. Desse vil blir lagt fram for politiske handsaming, opplyser rådmannen.