Dette er den nye Støre-regjeringa
Jens Stoltenberg (Ap) gjer comeback i norsk politikk som finansminister. I tillegg kjem fleire nye Ap-politikarar inn i regjering.
– Her er det nokre nye ansikt, nokre kjende og nokre veldig kjende ansikt, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han kom ut på Slottsplassen i Oslo tysdag formiddag saman med det nye regjeringslaget sitt.
Den nye regjeringa vart utnemnd av kong Harald i eit ekstraordinært statsråd like før.– I sum er dette eit lag som er klar til å ta fatt på å styre Noreg i ei krevjande, utsett tid. Dei er valde for å kunne ta den oppgåva. Vi er på jobb for Noreg, sa Støre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nytt lag
Åtte nye statsrådar går inn i den nye mindretalsregjeringa frå Arbeidarpartiet for å erstatte Senterparti-statsrådane som går ut.
* Tidlegare statsminister, finansminister og generalsekretær i Nato, Jens Stoltenberg blir finansminister.
* Tidlegare fylkesordførar i Trøndelag, Tore O. Sandvik , blir forsvarsminister. Han var i fjor haust vikar for klima- og miljøministeren.
* Dommar og tidlegare statssekretær i Justisdepartementet, Astri Aas-Hansen , blir ny justisminister.
* Avtroppande partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng blir ny kommunalminister.
* Stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen blir ny landbruks- og matminister.
* Stortingsrepresentant Lene Vågslid blir ny barne- og familieminister.
* Tidlegare leiar i miljøstiftinga Zero, Sigrun Gjerløw Aasland , blir ny forskings- og høgare utdanningsminister. Ho var fram til utnemninga statssekretær i Klima- og miljødepartementet.
Artikkelen held fram under annonsen.
* Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust blir ny utviklingsminister.
Held fram som før
Resten av regjeringsmedlemmene frå Arbeidarpartiet held fram i posisjonane sine, blant dei nestleiarane Jan Christian Vestre som helse- og omsorgsminister og Tonje Brenna som arbeids- og inkluderingsminister.
Dei nye statsrådane tek over kontora frå dei avtroppande Senterparti-statsrådane i nøkkeloverrekkingar seinare tysdag.
(©NPK)