Minnemarkering: Ailina A. Østebø Gaaren tok initiativ til minnemarkering og la ned blomsterkrans på steinbrygga i Fyresdal 22. juli.

«Det var fint å kunne minnast ofra frå 22. juli på ein skikkeleg måte»

– Det var fint å legge ned ein krans på steinbrygga, vise solidaritet og minnast dei som gjekk bort i terrorhandlinga 22. juli for ni år sidan, seier AUF-ar Ailina A Østebø Gaaren.

Onsdag kveld tok fyresdølen som er leiar i Skien AUF initiativ til ei lokal minnemarkering for dei 77 ofra etter terrorhandlinga 22. juli 2011.

– Det var ikkje så mange som møtte opp, noko som eigentleg var venta sidan eg varsla om markeringa rett før. Men eg må seie at eg skuffa over at ingen «vaksne» politikarar frå noko parti møtte fram, og det var spesielt sidan arrangementet eigentleg var i samarbeid med Arbeidarpartiet lokalt, seier Gaarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men ho vart ikkje åleine under minnemarkeringa.

– Eg vil rette ein takk til Senterpartiets ungdom som møtte opp med rose, seier Gaaren.

Ho håpar at ho kan vere med å skape ei skikkeleg minnemarkeringa for 22. juli neste år i Fyresdal.

– Då håpar eg det møter endå fleire opp på steinbrygga, seier den engasjerte fyresdølen.

AUF-leiar: Ailina A. Østebø Gaaren frå Fyresdal er leiar av Skien AUF.