Det tar minst 28 dagar før ein får full effekt av koronavaksinen til Pfizer-Biontech. Foto: Ariel Schalit / AP / NTB

Det tek minst 28 dagar for å få full effekt av koronavaksinen

3. juledag blir den første koronavaksinen sett i Noreg. Totalt tek det minst 28 dagar frå første dose fram til ein får full effekt av vaksinen.

– Det tek mellom éin til to veker etter at den siste dosen er sett før vaksinen oppnår effektivitetsraten på 95 prosent, seier overlege Are Stuwitz Berg ved Folkehelseinstituttet til TV 2.

Måndag kveld vart Pfizer-Biontech-vaksinen formelt godkjent for bruk i EU og Noreg. 3. juledag blir den første vaksinedosen sett. Deretter held vaksinasjonen fram for fullt. Noreg får 35.000 dosar i romjula. Deretter er det venta vekevise leveransar på 40.000 dosar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinen må takast i to dosar med 21 dagars mellomrom for å gi full effekt. Undersøkingar frå Pfizer viser at effekten etter den første dosen er rundt 52 prosent. Når ein har teke den andre dosen, aukar dette til 95 prosent.

Are Stuwitz Berg seier at ein framleis må vere forsiktig sjølv om ein har fått den første dosen.

– Du blir litt beskytta etter den første dosen, men du kan framleis bli smitta av korona. Derfor er det viktig å halde fram med å bruke munnbind, halde avstand og tenkje på smittevern sjølv om du er vaksinert, seier Berg.

(©NPK)