Kommentar
Det er ikkje rart at det blir dårleg stemning
Arbeidarpartiet skal halde det me lovar.
Orda er Lene Vågslid sine, via ein sms frå ein politisk rådgjevar i Barne- og familiedepartementet tysdag kveld. Dei same orda har nå gått i «repeat» frå Ap-leiinga eitt døgn, etter at partiet i rundt ei veke har vassa rundt i grumsete vatn, eller ord om du vil. Tilliten duppar midtfjords. Nokon vil meine den har nådd botn.
Det er bra at representanten frå Vest-Telemark, og Ap, vil halde det som er lova. Men det tok for lang tid å kome til den «konklusjonen». Ein konklusjon som ikkje burde ha vore ein konklusjon, men sjølvsagt. Klart ein skal halde det ein lovar! Kvifor svara dei ikkje det med ein gong?
Eg burde ikkje ha sagt det. – Eg kopla det ikkje. – Eg burde formulert meg annleis. – Det er ikkje løgn. – Det er ei endring, ikkje eit løftebrot.
Statsminister, helseminister og høgare utdanningsminister har svara på spørsmål frå medium som NRK og VG på alle andre måtar enn å leggje seg paddeflate etter at dei blei avslørt. Fleire statsrådar, deriblant Vågslid, som blant anna delte den mykje omtala videoen til Vestre i sosiale medium, har vore opptatt med andre ting enn å unnskylde seg til veljarar. Tysdag sa omsider Vågslid til VTB: Eg stiller meg bak beklagelsen Jonas Gahr Støre har gitt.
Dei fleste som ser denne saka utanifrå, inkludert fleire Ap-politikarar i distrikts-Noreg, er einige i at det å love gratis ferje og gjeldssletteordningar i ein valkamp, for så å kutte det i forslag til statsbudsjett, er det same som å ljuge. Då bør ein seie unnskyld. Med ein gong!
Folk blir sinte når dei blir ført bak ljoset. I Noreg protesterer me mot den type oppførsel, og me har heldigvis medium som er vaktbikkjer på vegner av folket. Veljarane tillèt ikkje at politikarar kastar tillit over bord. For me er ikkje USA. Og kanskje har nettopp denne «skrekken» nøra opp under opprøret mot Ap nå; me er livredde for å bli som USA. Og når ein blir redd kan ein fort bli sint.
Det lovar i så fall bra for demokratiet vårt at me ennå er der; at me forlanger at våre folkevalde er bevisste sitt ansvar og opptrer ærleg. Me vil ikkje ha statsleiarar som stadig lyg for open scene og slepp unna med det.
I ein valkamp kan det som for politikarar kanskje verkar som småting, bli avgjerande for dei som stemmer. Når Ap skuldar Høgre og FrP for løgn rett før valet, kan det ha ført til at veljarar skifta side heilt på tampen. Eg kjenner folk som sa dei stemte Ap for å sleppe løgnarar ved roret. Då er det ikkje rart at det blir dårleg stemning hos både veljarar og politiske motstandarar, når det kjem for ein dag at det var Ap som laug. Valresultatet kunne kanskje ha sett annleis ut?
Tysdag kom Arbeidarpartiet endeleg krypande til korset. Me kan ikkje stå i denne situasjonen, sa statsminister Jonas Gahr Støre då. Same kveld fekk også Lene Vågslid tid til å svare VTB, sjølv om det var eit kortfatta svar.
Det er klart at det er ubehageleg å stå i ein situasjon der alle rundt deg skuldar deg for løgn. Det er ubehageleg når eit samla medium-Noreg ropar høgt samtidig. Ap seier at det er grasrota som har fått dei til å snu. Men hadde dei snudd om ikkje medie-Noreg, og blant anna Senterpartiet, hadde trykka på den store raude knappen?
Heime i Vest-Telemark har Stian Hauge (Sp) uttala: Eg er dritlei politikarar som pratar visvas.
Det er eit problem at stadig fleire tenker som Stian. Større avstand mellom politikarar og veljarar truar demokratiet vårt. Dette må politikarane ta innover seg, ikkje berre snakke om.
Det gjeld å ikkje setje seg for godt til rette i fine stolar i Oslo. Dei folkevalde må til ei kvar tid sitje ytst på stolen, snakke sant, og opptre i takt med folket som har stemt på dei.
Dei bør absolutt, og ikkje berre når det er valkamp, svinge «heimom» og snakke oftare med veljarane sine. Dei bør også svare ut spørsmål når lokalavisa tar kontakt.
For tillit og respekt er ikkje noko ein berre vinn ved val. Tillit treng næring. Tillit må ein jobbe for. Heile tida.
Og folkeskikk – som å ikkje fare med løgn – er heilt essensielt når ein er folkevald i Noreg.