Klar for debatt: Styrk Fjærtoft er journalist og har vore programleiar for NRK. Neste laurdag kjem han til Kviteseid.

Kommunen har funne ny ordstyrar til ordførardebatten

Laurdag 19. august blir det både bygdepride og politisk debatt i Kviteseid.

For første gong blir det arrangert bygdepride i Kviteseid. Det er Arvid Tommy Juvskås som har tatt initiativ til markeringa med ein parade for mangfald og inkludering gjennom sentrum og appell på brygga i Kviteseid.

Seinare på dagen blir det politisk debatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har gjort endringar

Blandinga av pride og politikk har skapt diskusjonar i Kviteseid. Og i kommunestyremøtet 25. mai slo kommunedirektøren fast at det ikkje er Kviteseid kommune som er arrangør av pride, men at dei legg til rette for arrangementet. I utgangspunktet hadde kommunen hyra inn Morten Hegseth til å leie debatten om kommunepolitikk i Kviteseid. Nå fortel ordføraren at dei har funne ein ny ordstyrar.

– Det blir Styrk Fjærtoft som skal leie debatten i bryggeparken, seier Bjørn Nordskog.

Alle har nå takka ja

Det er fem parti som stiller med liste til valet i Kviteseid denne hausten. Og alle har nå takka ja til å bli med i debatten.

Fjærtoft vil stille dei fem ordførarkandidatane spørsmål om korleis dei vil styre Kviteseid fram mot 2027.

Han ser for seg ein stutt presentasjon av toppkandidatane. I tillegg vil han gå i djupna på fire tema. Kva tema det blir er ennå ikkje heilt klart.

På slutten av ordskiftet, som Fjærtoft reknar med at vil vare i ein dryg time, skal innbyggjarane få høve til å stille ordførarkandidatane spørsmål.

– Eg synest det er flott at Kviteseid vil vise fram dei politiske partia, seier Fjærtoft til VTB.