Dalsmarken = open veg
Fredag og laurdag er det Dalsmarken, og fylkesvegen mellom Høydalsmo og Dalen blir derfor open heile helga.
Det er vegarbeid i Eidsborgberget igjen, men fredag 19. juni startar Dalsmarken og derfor blir vegen denne veka open frå torsdag klokka 20.00 og heilt fram til måndag klokka 08.30.
Men dette gjeld berre veke 25.
I veke 26 er det desse opningstidene som gjeld:
15.juni til 5. juli har vegen avgrensa opningstider. Måndag til torsdag stenger vegen 08.30 kvar dag, men er open igjen 14.30-16.00 og frå klokka 20.00 til 08.30.
Fredagar er vegen stengt frå 08.30 til 14.30.
I sommarferien, vekene 28, 29, 30 og 31 er vegen heilt open, før dei same tidene som i perioden 15.juni-5. juli tek til att i veke 32.
Det melder Tokke kommune på sine heimesider.