Dagens jeger er Signe Kristin Sollid Lien (28) frå Edland.

Dagens jeger: – Heldigvis er det lenge att av jaktsesongen!

Dagens jeger er Signe Kristin Sollid Lien (28) frå Edland.

Kor lenge har du jakta?

– Eg har vore med på elg og reinsdyrjakt sidan eg var 6-7 år, men har jakta sjølv i 13 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. Kva jaktar du?

– Eg jaktar reinsdyr, elg, hjort, rådyr og rev. Har jakta litt forskjellige artar i utlandet også.

3. Kva er det beste med jakta?

– Naturopplevingane. Sansane er skjerpa og ein tar inn alt rundt seg. Og ikkje minst fylle frysaren med mykje nydeleg kjøt som eg veit kvar kjem frå.

4. Kva er det mest utfordrande?

– Akkurat no er det å få tid til å jakte. To små barn gjer at det blir litt mindre jakt enn før.

5. Fått noko dyr i år?

– Eg har ikkje skote noko sjølv i år. Mannen min har sytt for seks dyr så langt i år, så det skal ikkje stå på kjøtmengda. Heldigvis er det lenge att av jaktsesongen!

Artikkelen held fram under annonsen.

6. Kva er ditt beste minne frå jakt?

– Den mest morosame jaktsituasjonen eg har hatt er då eg og Saga (hunden vår, svart elghund) leita etter reinsdyr. Me gjekk opp på ein topp for å kike, men då me skulle vidare ville Saga gå tilbake der me kom frå. Eg stola på bikkja og der sto flokken eit par hundre meter lenger nede. Me sneik oss innpå 50 meter og eg fekk felt ein liten kalv. Denne situasjonen var minneverdig på grunn av samspelet mellom meg og bikkja og at eg fekk skote reinsdyr på eigen grunn. Nydeleg situasjon. Ikkje alltid det å skyte dei største dyra som er det du hugsar best.