Brith Wenche jobba på regnskapskontoret. I nabobygget planla Torill Heimholt å pensjonere seg. Ho dreiv blomsterbutikk.
Det hadde det vore moro å drive med, tenkte Brith Wenche.
Ho hadde ingen utdanning eller erfaring frå blomsterhandel. Men bestemte seg fort for å overta blomsterbutikken. Det er 45 år sidan.
Brith Wenche har drive Blomsterbua i 45 år. – Eg blir glad av blomar
Mor, syster, tante og venninner – det er tette band mellom kollegaene på Blomsterbua på Dalen. Nå fyller dei torget med vårblomar, staudar og nyttevekstar.
– Det er veldig moro å jobbe. Eg blir glad av blomar – å vatne, stelle og plukke. Det kan ikkje bli betre enn det. Det hadde vore stussleg å sitte heime å ikkje ha ana og gjere.
Det fortel Brith Wenche Aarstad. Medan ho, kanskje ikkje så overraskande, plukkar litt visne blomar.
Ein av dei siste dagane i april er i ferd med å bli ein skikkeleg varm og fin vårdag. Sola reiser seg på himmelen, snart ligg heile torget på Dalen i solskin og blomane som dekker meir og meir av plassane får varma seg.
Brith Wenche fortel at dei har plantar ute heile året. Her kan kundane handle det dei vil døgnet rundt. Små plakatar med Vipps-nummeret heng på veggen.
– Det er ingen problem – folk stel ikkje. Me har hatt det slik i mange år. Nå er det jo Vipps, men før la dei pengar under matta her. Det gjekk fint det også.
Redda huset frå 1896
Som ung gjekk Brith Wenche på handel og kontor-lina på Notodden og etterpå gjekk vegen til arbeid på rekneskapskontoret på Dalen. Fem år jobba ho der. Men 1. april 1981 bytta ho bransje – frå tal til blomar.
– Eg har aldri angra på det. Men det var kjekt å ha erfaring frå rekneskap i botn, fortel ho.
Torill Heimholt som dreiv blomsterbutikken før, lærte ho opp og i tillegg tok ho kurs i sorgbinderi og brudebinderi.
Dei fyrste ti åra låg Blomsterbua i bygget som nå husar Frivilligsentralen. Det fine bygget i jugendstil der dei nå held til er bygd i 1896 – to år etter at Dalen hotell opna dørene.
– Her selde dei sport- og fiskeutstyr og suvenirar til turistane. Det kom jo mange engelske lordar hit på grunn av hotellet.
Seinare har huset vore brukt til litt forskjellig, i ein del år var det Kaffistova, men då Brith Wenche og mannen kjøpte bygget, var det i dårleg stand. Heldigvis er mannen til Brith Wenche tømrar, så han restaurerte bygget. Alle utskjeringar er originale, men den eine delen av huset måtte han lage ny. I 1992 fekk han Tokke kommune sin vernepris for arbeidet.
Mor, syster, tante og venninner
Brith Wenche har runda 72.
– Men eg jobbar fullt, ja. Seks dagar i veka.
Og litt til. For vatninga gjer ho på kvelden. Og om sommaren skal dei tilsette ha fri, så då jobbar Brit Wenche. Men det er ein fridom å vere sin eigen sjef.
– Eg gjer jo som eg vil da.
Brit Wenche ler.
– Og så har eg veldig greie medarbeidarar.
Dei kjenner ho godt. Systera Liv Karin har arbeidd her i omtrent førti år. I vinter oppdaga Liv Karin noko skremmande.
– Då oppdaga eg at eg blir jo 67 år til sommaren.
Eg pensjonist? Det fekk ikkje Liv Karin til å stemme. Ho har jo framleis både lyst og helse til å arbeide. Så pensjonistlivet får vente. Liv Karin likar seg så godt på jobben med blomar og koselege kundar.
Og korleis er det å vere både systrer og kollegaer?
– Me kranglar ikkje så mykje. Haha! Ho er lettvinn, seier Brith Wenche.
På lønningslista står også Ina Sofie Nilsebråten, Helga Songøygard Battin og Tone Blomhaug Stimson. Tone er dottera til Brith Wenche og hugsar ikkje når ho byrja å arbeide på Blomsterbua.
– Eg var vant til at mamma jobba fullt, og meir enn det, og eg har alltid vore her mykje, fortel Tone.
Barndomsheimen, der foreldra framleis bur, er ikkje lange steinkastet unna butikken. Endå eit gamalt hus som mannen til Brith Wenche har restaurert – dette i sveitserstil.
Så det var heller ikkje lange vegen for Tone å stikke bort til mamma på jobb. Som lita sat ho på disken og laga kransar. Ho har lært mykje av å jobbe med mora, men har også tatt fleire kurs i binderi. Som ungdom byrja Tone å jobbe meir ordentleg i butikken, og som student hadde ho somrane sine her.
Det er ikkje berre kunnskap om planter ho har fått av å jobbe med mora.
– Eg har lært mykje om arbeidsmoral og har veldig respekt for dei som er sjølvstendig næringsdrivande, seier Tone.
Frå sorg og bryllaup til agurk og jordeple
Ein blomsterbutikk går gjennom ulike sesongar gjennom året. Medan oktober og november er stille, blir det travelt i desember, januar og februar er litt stille igjen, men rundt påsketider tek det seg opp. I mai er det travelt. Våren kjem, mange vil ordne i hagen og det er også mange som giftar seg i mai og juni, i tillegg til september og oktober.
Dalen hotel er ein populær stad å gifte seg, og Brith Wenche og gjengen ordnar blomar både til kyrkje, hotell og brud.
Dei har mange stamkundar, og fleire kjem frå bygdene rundt for å handle blomar. Kalenderen viser straks mai, og på Dalen kjem våren som vanleg tidleg.
– På Dalen kan du plante det du vil ute nå, men litt lenger opp er det noko eg ville ha venta med.
Nellik og stemor toler det meste. Margaritter er heller ingen problem på Dalen, men kanskje du bør vente litt om du for eksempel bur på Åmdals Verk.
Dei fleste vil ha det fint der dei bur, men slett ikkje alle har grøne fingrar. Kva rår Brith Wenche til å satse på då?
– Lobelia toler det meste. Den treng berre vatn. Betulia toler også alt, berre ikkje kulde. Så den ville eg ha venta med til etter 17. mai. I alle fall om du bur litt lenger opp.
Ein av favorittane til Brith Wenche er blomen ynde, også kalla mandevilla.
– Nydelege blomar som er veldig populære, og den held seg fin frå mai til november. Det kjem nye blomar heile tida. Blodbeger har også blitt veldig populær dei siste åra. Ei hengeplante med burgunderraude blomar, fortel Brith Wenche.
Tone er aller mest interessert i nyttevekstar. Det er ho ikkje aleine om. Dei siste åra har det vore ein klar auke i interessa for agurk og tomat, jordeple og gulrot.
– Det starta med pandemien – at folk byrja å tenke meir på sjølvforsyning. Men interessa har halde seg. Eg trur også krig i verda spelar inn her. Eg trur det er bra at folk tenker meir på sjølvforsyning, seier Brith Wenche.
Planen til Brith Wenche er å trappe litt ned i tida som kjem. Ta litt oftare fri på laurdagar i alle fall. Tone fortel at ho tek eitt år om gongen.
– Eg elskar denne jobben. Men eg veit kor mykje det krev å drive. Eg vil gjerne vere tilsett, men veit ikkje om eg vil drive, seier ho.
Sjølv om Brith Wenche planlegg å trappe litt ned framover har ho ingen planar om å gje seg.
– Men eg har byrja å ta meg ordentlege matpausar. Nå set eg meg ned og et i staden for å eta medan eg jobbar. Så kanskje det blir pensjonisttilværet mitt, ler Brith Wenche.