Utstillingslokala til Seljord kunstforeining.

Breitt spekter på årets sommarutstilling på Kunstlåven

Kunstlåven i Seljord markerer 50-årsjubileet til Norske Kunsthåndverkere med ei variert utstilling der ti kunstnarar frå Sør-Noreg stiller ut verk i keramikk, tekstil, tre, metall, glas og blandingsteknikkar. Det blir også vist ei minneutstilling av seljordkunstnaren Knut Flatin sine arbeid.

Seljord kunstforeining førebur seg til å opne for ein spennande kunstsommar, etter ein travel vår med innbrot og hærverk.  Årets sommarutstilling, som opnar 1. juli, byr på eit breitt spekter av samtidskunsthandverk, med sterke individuelle stemmer og ulike kunstnariske tilnærmingar.

Årets hovudutstilling er eit samarbeid med Norske Kunsthåndverkere Region Sør, som i år feirar sitt 50-årsjubileum. Utstillinga viser verk av dei ti kunstnarane Regien Cox, Brita Been, Hilde Iren Dølheim, Tuva Gonsholt, Irene Haslum, Vilde Eskedal, Elisabeth von Krogh, Barbro Hernes, Arnfinn Strand og Sverre Tveito Holmen. Deltakarane er valde ut etter ei open utlysing, og representerer eit breitt spenn i uttrykk, fagfelt, alder og geografisk tilknyting innan regionen, som dekkjer Vestfold, Telemark og Agder. 

Kunstforeininga melder at målet er å trekkje liner mellom det materialbaserte kunsthandverket og det tradisjonelle handverket som har prega regionen gjennom fem tiår.

I samband med opninga blir det arrangert både seminar, opningsprogram og kunst- og kulturreise i samarbeid med NK Sør.

Minneutstilling

Frå 1. til 31. juli vil ein også få høve til å sjå ei minneutstilling av Knut Flatin sine arbeid på Kunstlåven. Flatin gjekk bort i februar i år. 

Foreininga melder at seljordskunstnaren Knut Flatin ville fylt 80 år den 7. juli. Difor vil dei heidre hans kunstnarliv med ei retrospektiv utstilling som viser arbeid frå heile karrieren hans, inkludert fleire verk som aldri tidlegare har vore vist for publikum. Foreininga melder at utstillinga blir halden i godt samarbeid med familien Flatin.

Kunstlåven vil også ha ei temautstilling om korgtradisjonar i Noreg. I samarbeid med Seljord Husflidslag viser dei ei utstilling bygd på arbeidet til Hege Aasdal, handverksstipendiat ved Norsk Håndverksinstitutt. 

Kafé og galleributikk

Kunstlåven har galleributikk med utval av kunsthandverk og lokalt handverk, og ein finn også ein kafé. Her blir det mellom anna serverer rjomegraut, vaflar og sveler, og nytt av året er tilbod om vin og lokalt øl frå Flatdal.

Powered by Labrador CMS