Styret i BirdLife Indre Telemark: F.v. Kjell Bitustøyl, Midt-Telemark (leiar), Vidar Sundstøl, Midt-Telemark (nestleiar), John Einar Oterholt, Notodden (styremedlem), Linda Ralle Ulven, Midt-Telemark (sekretær) og innfelt Bjarte Hestdalen, Vinje (styremedlem) (Foto: BirdLife, Morgenbladet)

BirdLife Indre Telemark stifta

BirdLife Norge, det som tidlegare heitte Norsk Ornitologisk Forening (NOF) har fått eit nytt lokallag i Telemark: 15. februar blei BirdLife Indre Telemark formelt stifta med eit styre på 5 personar pluss 1 vara, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

BirdLife Telemark er fylkesleddet og frå før av har ein to lokallag i nedre Telemark, BirdLife Kragerø og BirdLife Grenland. Det er difor dei 11 andre kommunane i indre og øvre Telemark dette laget no omfattar: Nome, Midt-Telemark, Notodden, Hjartdal, Tinn, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Kviteseid og Seljord. I vedtektene for laget heiter det at laget skal verne om naturen, særleg fuglefaunaen, ein skal fremje interessa for fuglelivet og livsmiljøet rundt, auke kunnskapen om fuglane og vera bindeledd mellom fugleinteresserte i indre Telemark. Inn under lagets oppgåver høyrer òg det å stimulere til ornitologiske undersøkingar, t.d. ringmerking.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laget er i startgropa og på stiftingsmøtet blei det drøfta ulike type aktivitetar ein skal drive med: Det kan vera turar og utflukter, besøkje og kartleggje dei ulike fugleområda i indre Telemark, engasjere seg i saker der fuglelivet kan vera truga, t.d. tap av areal, og drive rekrutteringsarbeid, her kan t.d. dette med ringmerking og fuglekasser vera aktuelt. Å få fleire til å lære seg å bruke nettstaden artsobservasjoner.no var òg eit tema. Medlemssystemet i BirdLife er slik at alle med postnummer innafor dei 11 kommunane automatisk blir medlem av lokallaget, laget har difor fått 152 medlemmer i oppstarten. Det høyrer med å fortelje at det har vore mange positive tilbakemeldingar på at det no kjem eit slikt lag litt lenger opp i fylket.