Satsar på bærekraft: Anne Gry Gudmundsdotter

Berekraftig satsing på Rauland

Universitetet i Sør-Aust Noreg (USN) startar nett- og samlingsbasert utdanningstilbod innan berekraftig forvaltning, leiing og næringsutvikling. Samlingane er på campus Rauland, i samarbeid med Raulandsakademiet og Vinje kommune.

Dei nye kursa kjem som følgje av regjeringas satsing på fleksible utdanningsprogram. I juni fekk femten universitet og høgskular til saman hundre millionar kroner til slike program gjennom Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning). Prosjektet på Rauland har fått 2,6 millionar av desse kronene.

– Nokon av kursa kjem i dag som eit tilbod av våre campusbaserte studiar, men me vil også byggje opp nye utdanningstilbod, seier førsteamanuensis Anne Gry Gudmundsdotter ved USN Handelshøyskolen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er prosjektleiar for den nye satsinga og leiar også USNs arbeid med eit Senter for berekraft ved campus Bø. Gudmundsdotter seier dei nye utdanningstilboda på Rauland vil byggje opp under universitetets strategi innan berekraft.

– Målet er å kople det me driv med på USN opp mot det som skjer ute i samfunnet, og tenke på tvers av sektorar. Ein grøn omstilling krev at akademia samarbeider med næringslivet og det offentlege. Det skal me gjere både gjennom dei forelesarane me brukar og dei partnarane me har, seier Gudmundsdotter.

USN planlegg å tilby fire forskjellige kursemne på Rauland. Eitt av emna er på bachelornivå, eitt på EVU-nivå (EVU= etter- og vidareutdanning), medan to emne er knytt til eit masterprogram innan Sustainability Management, som er under utvikling.

Emna er: Digitalisering for berekraftig omstilling (masteremne, 7,5 studiepoeng), Lederskap og det grøne skiftet (masteremne, 7,5 studiepoeng), Norgesguiden (EVU-emne, 15 studiepoeng) og Sirkulær økonomi (bacheloremne, 7,5 studiepoeng.)

I vurderinga av søknaden kommenterer Diku mellom anna emnet «Norgesguiden», som inneber å styrke kunnskap om berekraft hos dei som jobbar som guidar ved norske destinasjonar: «Deler av prosjektet angår guidar og turistsektoren, ein sektor som har fleire utfordringar tilknyttet det grøne skiftet. Det anses som positivt at dette prosjektet tar frem turistnæringen som tema.»

Anne Gry Gudmundsdotter har sjølv tatt doktorgrad på temaet berekraftig reiseliv, og meiner reiselivet er ein bransje der det er behov for meir kunnskap om berekraftig utvikling. Ho seier regjeringas reiselivsmelding frå 2017 synleggjer eit behov for kompetente tilsette i reiselivsnæringa.

– Ikkje minst er det eit stort behov for dette ute i distrikta med utfordringar knytt til vern av natur og lokalmiljø, tryggleik, overturisme og styring av turiststraumar. Tar ein ikkje dette behovet på alvor, kan det fort skade Noregs attraktive rykte som eit berekraftig og uspolert reisemål, med store konsekvensar for «Merkevara Noreg», slår reiselivsmeldinga fast.