Klipper hekken: Arve Høiberg, leiar for hovudutvalet for samferdsel i fylkeskommunen klipper her eigen hekk medan han oppmodar andre om å gjere det same.

Ber folk klippe hekken

Store hekkar og små ungar på skuleveg er ein dårleg kombinasjon, meiner Vestfold og Telemark fylkeskommune. Nå oppmodar dei hekkeigarar om å klippe hekken før skulestart.

– Er hekken høg kan dei minste ungane ha problem med å sjå bilane over hekkar og buskar på skulevegen, og bilistane kan ha vanskar med å sjå dei små skuleungane. Derfor er det viktig at me gjer alt me kan for å bidra til fri sikt - for både barn og bilistar, seier leiar av hovudutvalet for samferdsel og areal i Vestfold og Telemark fylkeskommune, Arve Høiberg (Ap) i ei pressemelding.

Ifølge fylkeskommunen viser undersøkingar Statens vegvesen har gjort at «manglande sikt» er ein avgjerande faktor i nesten kvar tredje dødsulykke på sykkel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkeskommunen håpar nå at hageeigarar over heile fylket vil ta ei vurdering av hekkar, buskar og tre, om dei treng ein klipp. Særleg i vegkryss bør dei ikkje vere høgare enn femti centimeter, då ser dei minste ungane over hekken og bilistane ser også lettare ungane. Det er også viktig at hekkane ikkje blir for breie slik at fotgjengarane blir tvinga ut i bilbanen, opplyser Vestfold og Telemark fylkeskommune.