Spørsmål til listetoppane

Bård Hoksrud (Frp)

Bård Hoksrud, Telemark FrP

Bård Hoksrud

Alder: 52 år

Kjem frå: Bamble/Porsgrunn

1. Nemn tre grunnar til at vesttelane skal stemme på deg og ditt parti?

Trygge vegar i Telemark: FrP og eg er tydelege på at E134 må byggjast ut mykje raskare enn det som nå ligg i nasjonal transportplan. I tillegg har FrP pressa på for at vi skal styrke fylkesvegane med 1 milliard kroner ekstra kvart år. Å ruste opp fylkesvegane er viktig både for næringslivet og for alle som bur i Vest-Telemark. 

Meir pengar i lommeboka: Vi vil at folk skal få behalde meir av sine eigne pengar. Derfor vil vi halvere matmomsen, innføre makspris på straum, kutte i drivstoffavgiftene og redusere eller fjerne andre skattar og avgifter. 

Varm og verdig eldreomsorg: FrP vil ha ein statleg finansiering av eldreomsorga sånn at alle er sikra et like godt og trygt tilbod uansett kvar i landet dei bur og uansett kor god økonomi kommunen deira har. 

2. Vil du gjere noko for å sikre rimelegare straum for folk og næringsliv i Telemark?

Ja Framstegspartiet har foreslått ein makspris på straum – inklusiv moms – på 50 øre. Det betyr at du også vil få glede av å betale mindre for straumen når prisen er låg, i motsetning til fastpris/Norgespris der du risikerer å betale meir enn nødvendig. 

3. Meiner du det bør leggast til rette for meir kraftproduksjon i Vest-Telemark? Eventuelt kva type kraftproduksjon? 

Ja vi meiner at det å ruste opp kraftverk for å få ut meir kraft er viktig. Vi meiner at det er viktig å enklare kunne få bygge ut småkraftverk, og dessutan sjå om det er nye stader man kan opne for kraftproduksjon.

FrP vil i utgangspunktet satse meir på vasskraftproduksjon. Vi seier nei til vindkraft på land med mindre et fleirtal skulle ønske det etter å ha gjennomført ein folkeavstemming. Vi er også svært positive til å få på plass kjernekraftproduksjon i Noreg for å møte fremtidens kraftbehov. 

4. Etterslepet på fylkesvegane har passert 100 milliardar kroner. Kva meiner du bør bli gjort?

Det må komme et skikkeleg løft på fylkesvegane i Noreg. Derfor har FrP også foreslått å auke løyvingane til fylkesvegane med 1 milliard kroner ekstra kvart år de neste 12 åra, og pengane skal øyremerkast så ikkje fylkeskommunane bruker pengane på andre område. Dette handlar om tryggleik når ein køyrer på vegane våre, for veldig mange av ulykkene skjer dessverre nå på fylkesvegane. I tillegg er trygge og gode fylkesvegar også viktig for busettinga i distrikta.

5. Korleis vil du løyse mangelen på helsepersonell i distrikta?

Her er det viktig å sørge for at fleire får utdanna seg til å vere helsepersonell. Vi må legge til rette for betre turnusordningar og sikre gode leiarar som gjør at folk ønsker å jobbe i helse- og omsorgssektoren. Det er også viktig å legge til rette for utvikling og fleire arbeidsplassar i distrikta for å sikre at folk som ønsker å flytte for å ta på seg jobb i helse/omsorgssektoren får moglegheita til det fordi det også er jobb til ektefelle/sambuar i området. 

6. Kvil vil du gjera for at kommunane skal klare å handtere eldrebølga?

FrP og eg vil at staten skal ta over ansvaret for å finansiere eldreomsorga ved at pengane følger den enkelte, noko som gjer at ein ikkje er avhengig av kommunebudsjetta. Når behovet er der så kjem pengane og staten skal ta rekninga. Vi vil også ta i bruk ledig kapasitet i det private og la private og ideelle aktørar bidra f.eks. til bygging og drift av sjukeheim for både å kunne sørge for at eldre får større valfridom i kvardagen og at det er kapasitet nok til dei som trenger det. 

7. Korleis vil du få fleire unge til å flytte til distrikta?

Gode oppvekstvilkår for barn og unge. Samtidig er det viktig å ha arbeidsplassar som gjer at ektefellen også kan få ein jobb i nærleiken. For dette er ofte noko som gjer at det kan vere vanskeleg å rekruttere til distrikta, som skildra i som 5. 

8. Om du kunne gjennomført éi sak utan motstand – kva ville det ha vore?

Det ville vore å sørge for statleg finansiert eldreomsorg som sikrar at alle får like god omsorg uansett kva for eit postnummer dei har. Eldre skal ikkje vere avhengige av god kommuneøkonomi og lokalpolitikaranes prioriteringar for å vere trygge på at dei får ein trygg og verdig alderdom. Derfor må eldreomsorga ut av kommunebudsjettet – og staten må ta rekninga. 

 

Powered by Labrador CMS