Fokus på samarbeid i arbeidslivet: Mette Lillegård er leiar for Tokke Ap. Ho meiner det er viktig med fokus på samarbeid og særleg trepartssamarbeidet – samarbeidet mellom arbeidsgjevar, arbeidstakar og staten.
Kari Smeland
Arrangerte opent møte med leiaren av Fagforbundet. – Me har lyst til å sette fokus på samarbeid
Tokke Arbeidarparti hadde invitert leiaren av Fagforbundet, Mette Nord, til eit opent møte onsdag. Tema for kvelden var trepartssamarbeid – samarbeidet mellom arbeidsgjevar, dei tilsette og staten.
– Trepartssamarbeidet er korleis det norske arbeidslivet fungerer i praksis. Det er samarbeidet mellom arbeidsgjevar, dei tilsette og staten, fortel Mette Nord.
Ho er leiar i Fagforbundet som er det største forbundet i LO med over 400 000 medlemmar. Nord har vore leiar sidan 2013. Ho er også medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet og lokalpolitikar i Porsgrunn.
Onsdag var ho invitert til Dalen av Tokke Ap, fekk omvising på helsesenteret og heldt foredrag på Finstøga. Møtet var gratis, opent for alle og tema var det fagpolitiske samarbeidet og trepartssamarbeid.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP