Idémyldring: Mia Midtbø (f.v.), Birger Rinden, Stein Inge Rinden og Olav Andreas Johre var nokon av innbyggarane som deltok på torsdagens folkemøte.

Arkitekt, kommune, politikarar og dei lokale møttest for å dele idear om bustadutvikling på Åmdals Verk

Det var fullt hus då Tokke kommune inviterte til ope folkemøte om landsbyliv, fortetting med kvalitet og bustadutvikling på Åmdals Verk.

– Me er veldig glade for oppmøtet og at det er så mange som er engasjerte, fortel kommunalsjef for plan og næring i Tokke kommune, Knut Erik Paulsen.

Glad for engasjementet: Knut Erik Paulsen er kommunalsjef for plan og næring i Tokke kommune. Han var glad for at mange kom på møtet og at så mange er engasjerte i utviklinga på Åmdals Verk.

Målet med folkemøtet er å få innspel og tilbakemeldingar frå lokalbefolkninga, og å følgje opp initiativet til utviklingsprosjektet 59°Nord. Dei arrangerte også eit folkemøte med same tema i 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då utviklingsprosjektet 59°Nord vart etablert i 2019 vart tomter og bustadar ganske raskt eit tema. Hovudmålet med prosjektet er å få fleire folk til å busetje seg på Åmdals Verk, i Skafså og på Austheii. Då må bygdene vise at dei er attraktive stadar å bu, og ha ledige hus og tomter. Og tomtene må vere attraktive – sol og utsikt vil dei fleste ha.

Les også
Dei starta med stor vilje og mange idear. Nå jaktar dei etter nokon som kan bygge prøvebustaden

Fylkeskommunen er også involvert i prosjektet, og har gjeve tilskot til ein fortettingsstudie. Lene Hennum er rådgjevar for stadutvikling i fylkeskommunen, og fortel at det er både lokale og regionale mål om at den største veksten skal kome i tettbygde strøk. Ho peikar på fleire gode grunnar til dette, mellom anna den komande eldrebølga, med mange eldre og færre som kan ta vare på dei.

– Det blir kanskje ikkje slik at ein kan forvente at heimetenesta kan reise overalt. Då blir det viktig å samle dei eldre. Me må samle kreftene, seier Hennum.

– Det er heller ikkje så miljøvennleg om alt er veldig spreidd. Det blir mykje transport til dømes, legg ho til.

Hennum snakkar varmt om Åmdals Verk, som stadig blir referert til som ti- eller også fem-minuttarssamfunnet. Dei fleste husa ligg tett og det er kort veg til dei tenestene som er i bygda. På Åmdals Verk kan mange gå eller sykle til butikk, barnehage, samfunnshus og til kvarandre.

Engasjert: Lene Hennum jobbar med stadutvikling i fylkeskommunen og har vore involvert i fleire liknande prosjekt rundt i Vest-Telemark. Ho blir rørt når ho snakkar om det veldige engasjementet hos folk på Åmdals Verk og i bygdene rundt.

Både fortetting og nye område

I juni i fjor vedtok politikarane at kommunen skal greie ut og lage ein plan «for utvikling av nye bustadtomter på Åmdals Verk i tilknyting til eksisterande busetnad». Det vart også presisert at det er «ønskeleg å utnytte ledig bustadareal i reguleringsplan og utvide eksisterande bustadfelt framfor å starte ein lang prosess med å etablere bustadfelt ved Åmlivatn».

I tillegg fekk administrasjonen i oppgåve å greie ut området ved plankehytta for å sjå om det er mogleg å lage tomter der.

Før jol la posisjonen, Sp, KrF og MDG, fram forslag om at kommunen også skal sjå på moglegheitene for å etablere eit nytt bustadområde med utsikt mot Åmlivatn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei tilleggsbestilling frå politikarane, og me gjer arbeidet parallelt, seier Paulsen, og fortel at det kjem ei sak om dette til politikarane i løpet av våren.

På torsdagens folkemøte presenterte arkitekt Pål Zylwester Witczak frå Seljord-firmaet Adaptiv Arkitektur nokre skisser over korleis det kan sjå ut om dei fortettar i det eksisterande bustadfeltet.

Kanskje slik: Test av utbyggingspotensial på (u) moglege tomter, er overskrifta til denne skissa. Tomtene der husa er kvite er tomter det kan vere mogleg å bygge på.

Kva dei kan gjere med den såkalla branntomta har også vore eit viktig spørsmål for fleire. Paulsen fortel at kommunen nå har kjøpt denne tomta, som ligg sentralt på Åmdals Verk.

Witczak viste ulike døme på korleis dei kan utnytte tomta. Det kan jo vere ønske og behov for noko anna enn ein einebustad.

– Det kan for eksempel vere fem bustadar, ti bueiningar eller heilt opp til 20 bueiningar, med eit fellesområde, viste arkitekten.

– Då kan det bli ganske livat her, sa Witczak, til humring frå salen.

På skissene har han lagt opp til eitt mål per tomt og eit fellesområde på 350 kvadratmeter.

Ja til fortetting, men

Det vart ganske fullt rundt borda på samfunnshuset på Åmdals Verk, og kvart bord var utstyrt med kart, post-it-lappar og tusjar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbyggarane skal kome med innspel, ønske og forslag.

– Det er viktig at de seier kva som er attraktivt her. Kva ønsker de å verne om? Kvar er det snarvegar? Uteområde eller møteplassar. Det er de som kjenner plassen, seier Hennum.

Diskusjonane byrjar å gå rundt borda.

Fleire diskuterer bustadtomter. Fleirbustad kan vere ei god løysing, meiner nokon. Leilegheiter, til dømes. Og nokre tomter passar kanskje ikkje for barnefamiliar, men kanskje for ungdom eller eldre?

Mange innspel: Denne gjengen, Olav Storåslid (f.v.), Marta Elisabet Karlsen, Morten Taraldlien, Olav Godtland og Jon Utigard, føretrekker å bli omtalt som den kreative gjengen.

Stein Olav Lie, Olav Storåslid, Marta Elisabet Karlsen, Morten Taraldlien, Olav Godtland og Jon Utigard er ikkje negative til fortetting. Men dei meiner dei bør vere forsiktige med fortettinga, slik at det ikkje blir for tett.

Dei er også positive til nye bustadområde, alternativ ein med tomter opp mot høgda der plankehytta er og alternativ to bak skibakken opp mot Åmlivatn. Alternativet som fekk politisk fleirtal før jol, om å sjekke ut moglegheitene for å etablere nytt bustadfelt med veg frå gamleveg, har dei skrinlagt.

Andre forslag som kjem frå innbyggarane er ladestasjon ved butikken og ved gruvene, større parkeringsplass ved butikken, kart over fine sykkelløyper, bubilcamping og ny butikk med møteplass.

Idear: På karta skreiv dei frammøtte skreiv ned innspel og idear som kommunen tek med seg i det vidare arbeidet.