To sikta: To personar er sikta etter ei valdshending i Seljord tysdag.

To personar er nå sikta etter den alvorlege valdshendinga i Seljord

Tysdag meldte politiet om ei alvorleg valdshending i Seljord sentrum, der ein person vart sendt til sjukehus og ein vart pågripen av politiet. Nå er ein lokal mann også sikta i saka.

Det melder Varden onsdag ettermiddag.

Tysdag klokka 13.52 meldte politiet om ei «alvorleg valdshending» i Seljord sentrum. Hendinga skal ha skjedd på ei privatadresse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gjerningsmannen oppsøkte offentleg etat, var rusa og blodig – opplyste om hendinga, skreiv politiet på X.

Politiet opplyste tysdag til VTB at gjerningspersonen, som er frå Grenland, vart pågripen av politiet. Den fornærma, som er frå Vestfold, vart køyrd til sjukehus. I tillegg var det ein tredjeperson til stades, som har lokal tilknyting.

Politifullmektig Caroline Gunnesdal stadfestar til Varden at også den lokale mannen nå er sikta i saka og sit i arresten.

Alvorleg valdshending: 2. januar måtte politiet rykke ut til det dei omtalar som «ei alvorleg valdshending» i Seljord sentrum.