Åse Margit Gjersund Aasheim, Jørgen Aamot og Jon Råmunddal, Torjus Nordskog Ek Brynilsen, Birgit Taugbøl Bang, Tor Berge, Ingebjørg Berge og Solveig Bruhaug.
Åse Margit Gjersund Aasheim, Jørgen Aamot og Jon Råmunddal, Torjus Nordskog Ek Brynilsen, Birgit Taugbøl Bang, Tor Berge, Ingebjørg Berge og Solveig Bruhaug.

Ynskjer å få med fleire ungdommar 

Ungdomsgruppa til Kviteseid jeger- og fiskarforeining vil skape meir aktivitet for ungdom.

På Bjørnstadbui dekkjer rullegardinene for glasa – det er bare ljoset frå storskjermen som skin i rommet. Ungdomsgruppa held informasjonsmøte og viser fram den nye skytesimulatoren som laget nyleg fekk på plass. Det er morosamt å prøve seg på villsvinjakt – men slett ikkje så lett å felle viltet som raskt spring vidare over det store lerretet.

Leiar i ungdomsgruppa, Torjus Nordskog Ek Brynilsen, og nestleiar Birgit Taugbøl Bang fortel om kva dei ynskjer at ungdomsgruppa skal halde på med i tida som kjem. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ei gruppe av ungdom for ungdom som blei starta i fjor. Me ynskjer å lage eit tilbod for ungdom som vil å halde på med noko anna enn til dømes fotball. Me har høve til å nytte oss av dei tilboda om hytter, fiskevatn eller andre aktivitetar som Kviteseid JFF og NJFF har dersom ein er medlem av foreininga, seier Taugbøl.

Ho fortel at målet med gruppa er å lage ein samlingsstad for ungdom der dei får høve til å finne på noko saman. 

– Gjerne noko som er jakt- og fiske-relatert, men det treng ikkje vere det, smiler ho. 

Torjus Nordskog Ek Brynilsen og Birgit Taugbøl Bang testar kunnskapen om villsvinjakt på den nye skytesimolatoren til Kviteseid JFF.
Bak fylgjer Åse Margit Gjersund Aasheim, Jørgen Aamot og Jon Råmunddal, Tor Berge, Ingebjørg Berge og Solveig Bruhaug nøye med.
Torjus Nordskog Ek Brynilsen og Birgit Taugbøl Bang testar kunnskapen om villsvinjakt på den nye skytesimolatoren til Kviteseid JFF. Bak fylgjer Åse Margit Gjersund Aasheim, Jørgen Aamot og Jon Råmunddal, Tor Berge, Ingebjørg Berge og Solveig Bruhaug nøye med.

Ungdomsgruppa har mål om å få til nokre ulike aktivitetar og turar i løpet av dette året, og ynskjer seg fleire medlemmer. 

– Me får mellom anna høve til å reise på kurs, eller bli med på opplæringsjakt på rev eller anna vilt. Me kan reise på sjøfiske, eller kanskje ein hyttetur. Det er også mogleg å bli med på Noregs jeger- og fiskarforbund sin landsleir for ungdom i månadsskifte juni/juli, seier Ek Brynilsen. 

– Me ynskjer også at de skal kome med innspel om kva aktivitetar de kunne tenke dykk å vere med på. Få med fleire i ungdomsgruppa, oppmoda han dei frammøtte.