Høye Rue framfører sin eigen «VTB på humpete vegar» – songen til 40-årsmarkeringa for Vest-Telemark blad i Morgedal laurdag.
Høye Rue framfører sin eigen «VTB på humpete vegar» – songen til 40-årsmarkeringa for Vest-Telemark blad i Morgedal laurdag.

VTB på hompute vegar

Tekst: Høye Rue

Melodi: R.G. Wahlberg («Johan på Snippen»)

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Ideen om avis kom i nittensyttito. EF og grenlandspressa gav oss ikkje ro. Då starta jobben fe eit nytt talerør, Vest-Telemark ha kje hatt slikt før.

Refr: Hompetitten, hompetatten, 40 år i live, VTB æ frisk og rask og ikkje redd fe skrive. Her skå det feirast mæ skikkeleg fest! Her skå det feirast at de æ best!

2. Dermed bjønda, hompetitten, 40 travle år. Upp og ned og att og fram mæ sjel og hud og hår. Mange heve fengje sine meiningar på prent, Skolåsbui's jolehelsing den blei vide kjent.

Refr: Ja, hompetitten ...

3. Frå fyst av så va Tore Skaug redaktør. Og John han va bladfyk og godt skrivefør. No æ der sytten mæ stort og mæ smått, i Prestegardshamni der gjeng det godt.

Refr: Så hompetitten ...

4. Det starta mæ bly og eit gamaldags svin, fe på Notodden sveiv der ei Duplex maskin. I dag æ det offset og full digital, og e-avis flyg te kvòr bygd og dal.

Refr: Så hompetitten ...

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Tenk bare nullsyttifem pr avis, og kronur atten var kvartalets pris. De skull' ha visst litt der i syttitri, at dagens kvartalpris æ femhondreogti!

Refr: Ja, hompetitten ...

6. Femtenhondre abonnera fast i syttitri, slettes ikkje gale fe å koma litt på gli. Det æ kanskje vondt å halde føtan på jord, mæ femtusenfemhondreogsyttiein i fjor.

Refr: Så, hompetitten ...

7. Les VTB og du bli ikkje snytt. Hugs Tande P og no sist Nytt på Nytt. Men tenk alt som kjæm frå John Ingebretsens sjel, bli sendt te kvør einaste verdensdel.

Refr: Ja, hompetitten ...

8. Finn Knut ein skrivefeil vankar det ris, men det må te når ein gjev ut avis. Fe TA og slike gjeng språket i surr, dei gløymer jamt lesa korekturr.

Refr: Ja, hompetitten ...

Artikkelen held fram under annonsen.

9. I Vest-Telemark kan me krangle om mangt, nokon syns somtid det gjeng alt for langt. Men eitt hev me felles i tid og i rom, AVISA kåns den stend me samla om!

Refr: Så hompetitten ...