Ei åtvaring til ettertida. Jakob Lothe (red.) Gyldendal forlag.
Ei åtvaring til ettertida. Jakob Lothe (red.) Gyldendal forlag.

Vitneprov frå dei siste tidsvitna

Jakob Lothe (red.) Kvinnelige tidsvitner. Fortellinger fra Holocaust. Gyldendal 2013.

Snart er det berre ei handfull menneske som kan gi oss personlege vitnemål om redslane som Hitlers regime sette i verk. I 2006 gav Jakob Lothe saman med Anette Storeide ut ei bok med åtte mannlege tidsvitne, jødar og ikkje-jødar. I år kjem «Kvinnelige tidsvitner», der ti jødiske kvinner fortel om terroren dei blei utsette for, men som dei mirakuløst nok kom til å overleve.

Dei ti kvinnene er i dag alle rundt 90 år og bur på mange kantar av verda, eit par av dei i Noreg. Det har såleis vore ei krevjande oppgåve å innhente desse vitneprova, få dei skrivne ned og redigert stoffet til ein meiningsfylt bodskap til ettertida. All honnør til professor Lothe og medarbeidarane hans for eit grundig og samstundes nøkternt arbeid, fritt for sentimentalitet. Dei ti vitneprova talar for seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje vanskeleg å førestille seg at det utan samanlikning elles var verst å vera kvinne i dei tyske konsentrasjonsleirane. I tillegg til slitet, dei evige oppstillingane, svolten og transportane, måtte dei tole det me snilt kan setje i kategorien «seksuell trakassering» som varierte frå valdtekt til Josef Mengeles medisinske eksperiment og paradering i naken tilstand framfor glisande vaktarar.

På underskrivne er det Zdenka Fantlova si historie som set det sterkaste avtrykket. Født i Tsjekkia i 1922 var ho så godt som vaksen da ho saman med familien blei lasta inn i toget som skulle til Terezin, Theresienstadt, kanskje den minst brutale av dei tyske leirane. Ho skildrar levande bakgrunnen sin, forelskinga i venen Arno og avskjeden med ein lykkeleg barn- og ungdom: «Jeg satte meg til pianoet for siste gang og spilte to stykker som kunne formidle litt håp: Dvoraks vals i D-moll og Sindings Vårbrus.» Ho rakk å oppleve det paradoksale ved Terezin: Dei mange kunstnarane og musikarane som kom dit, greidde å skape gløtt av kultur i ein umenneskeleg KZ-leir. Til og med ein Raude Kross-delegasjon let seg imponere. Etterkvart blei leiren tømt, transportane mot aust tiltok, og Zdenka blei ikkje berre skild frå familien og venen Arno, ho måtte også gjennomleve døgn utan mat og drikke i ei overfylt kuvogn som hadde Auschwitz som siste stopp. På veg til gasskammeret blir ho dirigert inn i ein flokk kvinner som blir sendt på grøftegraving, og da dei sovjetiske styrkane pressar på austfrå, på nye transportar, først til Mauthausen og til slutt til Belsen. Her døyr systera Lydia berre dagar før frigjeringa, og sjølv blir ho – tyfussjuk – redda som ved eit under da ho med sine siste krefter vender seg til ein britisk offiser og snakkar til han – på engelsk.

Alle dei ti jødiske kvinnene har kvar på sin måte fortald historiene sine som ei åtvaring til ettertida. Ungarske Olga Horak, nå busett i Australia, har ordet:

«Jeg blir glad om folk hører på historien min. Vi må legge igjen en arv. Jeg snakker med forskjellige folk her på museet. Jeg har opplevd vanskelige situasjoner. En tysk mann reagerte sterkt på noe jeg sa. Jeg spurte: Har jeg fornærmet deg? Nei, det er bare det at jeg ikke hadde ventet å bli snakket til av en Holocaust-overlevende. Men man kan ikke fordømme unge mennesker for det foreldrene deres gjorde. Selv om jeg har dype arr inne i meg, bærer jeg ikke på hat.»

Tore Skaug