Mellom vegen og den vidaregåande skulen i Seljord planlegg Anne Gro Lønnestad å opparbeide økologisk oase med både skule-, parsell-, pryd- og demonstrasjonshage.
Mellom vegen og den vidaregåande skulen i Seljord planlegg Anne Gro Lønnestad å opparbeide økologisk oase med både skule-, parsell-, pryd- og demonstrasjonshage.

Vil lage estetisk perle i sentrum

Til våren byrjar Anne Gro Lønnestad å opparbeide fire dekar jord i Seljord sentrum. Målet er ein økologisk oase med både skule-, parsell-, pryd- og demonstrasjonshage.

Seljordingen Anne Gro Lønnestad og sambuar Hans Flaaten eig og driv ein barnehage i Moss. Der har paret etablert ein stor hage der dei unge tek del i hagearbeidet.

Men neste år blir det flytting til Seljord for sambuarane. Førskulelæraren Lønnestad er også agronom i økologisk landbruk. Ho og sambuaren har skipa foreininga «Seljord økologiske hage», som har fått 15 000 kroner av Seljord kommunestyre til eit forprosjekt om hageetableringa. Forprosjektet er ferdig og inneheld mellom anna trykking av eit prospekt for å spreie informasjon om det nye tiltaket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Foreininga skal leige om lag fire dekar av Telemark fylkeskommune på arealet til den vidaregåande skulen i Seljord sentrum, og skal etablere og drifte hagen. Lønnestad blir dagleg leiar i den økologiske hagen som skal vere open for alle, og vise samanhengen mellom miljø, mat og helse.

Dyrking i sommar

– Me vil lage ein møteplass og ei estetisk perle i sentrum som Seljord kan vere stolt av etter kvart. Til våren blir heile jordet pløgd for å dyrke poteter og planter som er med og gjødslar jorda. Seinare skal me grave ned vass- og straumleidningar, sette opp gjerde rundt arealet og etter kvart få opp reiskapshus og drivhus, seier Lønnestad.

Ein skulehage er sentral i satsinga og tanken er å etablere denne fyrst.

– I ein skulebarnehage kan dei unge lære gjennom praktisk arbeid og sanseopplevingar. Det er viktig at dei som lærer best på denne måten også får meistringskjensle i skuletida. Ein kan nytte dei fleste faga til arbeidet i skulehagen. I tillegg får elevane øve seg i samarbeid og langsiktig planlegging. Hagearbeidet vil også vise dei unge korleis mat kan produserast lokalt på ein berekraftig måte. Men viktigast er at dei får gode naturopplevingar der dei får undre seg, undersøkje og utvikle eit ynske om å ta vare på naturens mangfald, seier Lønnestad.

Neste år er planen å plante tre og buskar på arealet. Lønnestad reknar med ein lang prosess før alt i hagen er på plass.

– Ein hage blir aldri ferdig …, seier ho med eit lite smil.

– Kva med det økonomiske som må til for etableringa?

– Foreininga skal søkje om midlar frå ulike stiftingar. Og så får me håpe at Seljord kommune kan gje eit bidrag, svarar Lønnestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

 Til inspirasjon og glede

Målet er at den økologiske hagen i Seljord sentrum skal vere til inspirasjon og glede. Den skal bogne av grønsaker, urter og blomar. Hagen skal vise kreative, berekraftige og estetiske løysingar, og vere eit pusterom i livet til dei som går inn der.

Skulehagen:

Vere ein unik læringsarena med rikt høve til fagleg og sosial utvikling. Ynsket er å byggje eit utekjøkken i hagen der ein kan lage enkle rettar. Eit overskot av råvarer kan ein bruke på skulekjøkkenet. Foredling av råvarene og erfaring med ulike konserveringsmetodar vil også vere ein naturleg del av undervisninga i hagen.

Parsellhage:

Der kan folk leige parsell og ha eigen kjøkkenhage, stelle med sin vesle jordlapp i fellesskap med andre.

Demonstrasjonshage:

Skal vise og inspirere til økologisk dyrking av eit stort mangfald nytteplanter. I hagen kan ein ha ulike kurs og omvisingar.

Prydhage:

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne delen skal slynge seg rundt dei andre delane og binde det heile saman. Hagen skal gje glede og inspirasjon, og besøkjande skal kunne nytte benkar og bord. Det skal bli lagt til rette for at ein kan kome rundt med rullestol, rullator og barnevogn.

Folk skal leggje merke til hagen når dei går eller køyrer forbi. Dei skal få lyst til å gå inn og utforske nærare det som er der.