Halvor Bentsen vil gjerne lære vekk rosemåling og vil halde kurs i Kviteseid.
Halvor Bentsen vil gjerne lære vekk rosemåling og vil halde kurs i Kviteseid.

Vil lære bort rosemåling

Han lærte sjølv å rosemåle på vidaregåande, og har vore lærar i handverket seinare. Nå ynskjer Halvor Bentsen frå Kviteseid å halde kurs.

– Då eg gjekk på Kvitsund lærte eg å rosemåle av Signe Eilefstjønn og Solfrid Dale, og seinare lærte eg det vidare til elevane ved skulen. Nå er det fleire som har spurd om eg kan halde eit kurs i Kviteseid, fortel Halvor Bentsen.

Bentsen, som driv verksemda H Bentsens brukskunst på Flatin, har mange kreative oppdrag. Han målar kjøkkeninnreiingar, dekorerer interiørartiklar, lagar flotte, levande landskapsmåleri og rosemålar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare reiste Bentsen rundt land og strand i Noreg for å selje arbeida sine, nå er det berre ein destinasjon som står att.

– Kvar november reiser eg til Mosjøen der eg sit på eit senter for å selje arbeida mine. Eg målar til dømes namnskilt slik at kundane får med seg sine eigne produkt heim med ein gong, fortel han.

Kurs på skulen

Bentsen har halde målarkurs via friundervisninga tidlegare, nå vil han halde rosemålingskurs på Kviteseid skule i februar eller mars.

– Det er ikkje så mange i Kviteseid som held på med dette, og det er viktig å ta vare på rosemåling som teknikk og kultur, difor sa eg ja då eg blei spurd, seier han.

Bentsen fortel at deltakarane på kurset vil få høyre både om fargelære og teknikk.

– Men alle plar ha sin eigen personlege stil på korleis dei likar å måle rosene. Om nokon vil vere med, er det berre å ta kontakt. Eg tenker at me brukar to kveldar og ein laurdag – om lag 15 timar til saman. Kurset vil passe for alle aldrar, og ein treng ikkje forkunnskap for å vere med. Her skal alle få høve til å lære korleis penselen skal trille i fingrane, seier den blide kviteseidingen.