Aud Jonskås (Ap) var glad for at signala om at kommunen framleis ynskjer dialyseavdeling blei styrkt.
Aud Jonskås (Ap) var glad for at signala om at kommunen framleis ynskjer dialyseavdeling blei styrkt.

Vil framleis ha dialysetilbod

Kommunestyret i Seljord vil ikkje seie opp avtala med sjukehuset Telemark før eit klart alternativ om dialyseavdeling i kommunen er på plass.

Det samrøystes vedtaket er i tråd med det formannskapet i Seljord tidlegare har sagt, men ordlyden blei i torsdagens møte presisert. Kommunen har eit stort behov for å nytte alle tilgjengelege sjukeheimsplassar, og skaffar seg tri plassar ved å gjere om dagens dialyseavdeling på Nesbukti pleie- og omsorgssenter til sjukeheimsplassar. Det er i dag stort press på desse tenestene, mellom anna leiger Seljord kommune ein sjukeheimsplass i ein annan kommune.

Men politikarane likar dårleg tanken på å miste dialysetilbodet og administrasjonen skal no gå i dialog med sjukehuset Telemark for å finne andre lokalitetar i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunestyret vil avvente med å seie opp avtala til det føreligg eit klarare alternativ til eksisterande avtale med sjukehuset Telemark, konkluderer kommunestyret.

Prioriterer det lovpålagte

Den gjeldande avtala blei underskrive 1. desember 2006 og gjeld for fem år. Det er eitt års oppseiingstid. Rådmann Per Dehli såg ingen ting i vegen for å utsetje oppseiinga av avtala.

– Det er vondt å seie opp ei god avtale, uttala Aud Jonskås (Ap), som var glad for den ekstra presiseringa i høve til formannskapets vedtak.

Politikarane var samde i at kommunen måtte prioritere dei lovpålagte oppgåvene. I saksutgreiinga kjem det fram at det har vore eit stort press på pleie- og omsorgstenesta dei siste åra. Mangelen på sjukeheimsplassar har ført til utrygge heimesituasjonar og liten kapasitet for avlasting for pårørande, og blir karakterisert som flaskehalsen i systemet.

– Me har eit stort behov for sjukeheimsplassar, og dette er ei primæroppgåve i kommunen. Men me er alle samde i ynsket om framleis dialysetilbod i Seljord, sa ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen.

Det er sjukehuset Telemark som driftar avdelinga i Seljord, men Seljord kommune har arbeidsgjevaransvaret for dei tilsette.

Tidlegare har både eldrerådet og rådet for menneske med nedsett funksjonsevne støtta innstillinga frå formannskapet om å seie opp avtala, men gå i dialog med sjukehuset Telemark om framleis dialysetilbod i kommunen.