Ådne Naper gav prisen til (t.v.) lektor Pernille Sørdal.
Ådne Naper gav prisen til (t.v.) lektor Pernille Sørdal.

VGS-lærarane på Dalen er best på klima

Dei tilsette ved Vest-Telemark vidaregåande skule avdeling Dalen fekk fredag pris for strålande innsats i Klimameisterskapet.

I to veker før haustferien deltok Vest-Telemark vidaregåande skule i Klimameisterskapet. Dette er fyrste gongen meisterskapet har blitt arrangert i Telemark, og både elevar og lærarar har stått på for å gjera klimavenlege val i kvardagen. 

Les også:VGS-elevane skal kjempe om å betre klimaet

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne veka kom resultata av arbeidet som blei lagt ned. Til saman har over 3 500 elevar ved dei vidaregåande skulane i Telemark spart meir enn 180 000 kilo CO2. Dette tilsvarar utsleppa frå 19 flyturar rundt jorda.

Vest-Telemark vidaregåande skule har hatt ekstra flinke lærarar på deltakarlista, og stakk difor av med tilsettprisen i konkurransen. Dette vil seie at dei tilsette på Dalen har spart mest CO2 per tilsett, og at det har vore høg deltakarprosent blant dei på lærarrommet. 

I dag, rett før klokka 11.00, blei prisen delt ut av Ådne Naper, som er medlem i hovedutvalg for kompetanse i Telemark. Ansvarleg for konkurransen på Dalen, Pernille Sørdal, tok imot prisen. 

Hjalmar Johansen videregående skule i Skien fekk elevprisen og klasseprisen.