Vest-Telemark museum har hatt studentar på bygningsvernstudiet inneverande år. Det komande skuleåret er det von om fleire studentar frå Telemark og gjerne Vest-Telemark.
Vest-Telemark museum har hatt studentar på bygningsvernstudiet inneverande år. Det komande skuleåret er det von om fleire studentar frå Telemark og gjerne Vest-Telemark.

Vellykka bygningsvernstudie

Årets kull er snart ferdige med det eittårige deltidsstudiet som mellom anna har gått føre seg på Vest-Telemark museum i Eidsborg.

– Det er Fagskulen innlandet på Gjøvik som står for studiet, og det er fjerde kullet som er inne. Men kullet i inneverande skuleår er det fyrste som har vore innom oss. Årsaka til at me blei involvert er mellom anna at det var eit fallande søkjartal til opplæringa som i stor grad har gått føre seg på Gjøvik og ved Rørosmuseet. Med ein del søkjarar frå Telemark, ynskte Fagskulen å bruke oss i større grad, forklarer museumsdirektør i Eidsborg, Dag Rorgemoen.

Bevare gamle bygningar

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at studentane har hatt elleve fagsamlingar, og at mykje av undervisninga går på nett.

– Kva går eit slikt studium ut på?

– Det handlar om å ta vare på gamle bygningar, og med det som bakteppe å lære seg metodar for nettopp dette, svarar Rorgemoen.

– Studiet er med på å heve kompetansen vår også, seier museumsdirektør, Dag Rorgemoen.
– Studiet er med på å heve kompetansen vår også, seier museumsdirektør, Dag Rorgemoen.

Han peikar mellom anna på at Riksantikvaren stiller krav til den eller dei som skal utføre arbeid på antikvariske og bevaringsverdige bygningar.

– Derfor må du ha denne utdanninga med deg dersom du skal stå ansvarleg for eit bygningsvernoppdrag, fortel han.

Rorgemoen seier at Telemark er det store fredningsfylket, og at heile 36 prosent av eksisterande bygningar frå mellomalderen er å finne i Vest-Telemark.

– Det betyr at me har stor trong for kompetanse på området. Det vil vere fornuftig utifrå eit samfunnsøkonomisk og eit kulturminne aspekt å heve kompetansenivået på dette feltet i regionen, seier han.

Heilt konkret har studentane både teori og praksis i Eidsborg. Dei får også i oppdrag å vurdere tilstanden på gamle bygg, og kome med framlegg til tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vinjestoga gjennomgår ei stor vøling, og studentane har vore inne i bildet for å vurder vegvalet i vølinga, seier Rorgemoen.

Han fortel at Fagskulen stiller med lærarar, og at museet bidreg med ressurspersonar.

– Både Fagskulen og me er godt fornøgde med opplegget. Det er også med på å skape aktivitet her i dei rolegare tidene i løpet av året. Studentane er ofte erfarne og dei har gjerne bakgrunn frå byggjebransjen. For å kome med på studiet er det krav om fagbrev og helst fem års praksis. Det er 24 elevar i årets kull, og me ser gjerne at fleire frå Telemark generelt og Vest-Telemark spesielt blir med neste skuleår. Søknadsfristen er 15. april, opplyser museumsdirektøren.

Vinn, vinn

Han er tydeleg på at studiet gjev museet ei kompetanseheving, og at det gjev vinst for alle partar.

– Om eg skulle ynskje meg noko, så måtte det vere ein stad der alle studentane kunne overnatte saman. Slik det er no blir dei spreidde rundt omkring, og for miljøet ville det vore bra om dei kunne vore saman på fritida også, seier han.

Trond Arild Pedersen er bygningsvernansvarleg hjå VTM, og han er også student i år.

– Det er mykje å lære på studiet, ikkje minst med tanke på å lage tilstandsrapportar som er viktige krav til dokumentasjon for Riksantikvaren. Elles har me mellom anna laga skottebenkar. Det er ein benk der du kan setje fast bord som skal høvlast. Det er eit gamalt hjelpemiddel som er å finne i fleire variantar, og som kanskje også kan ha eit anna lokalt namn. Om nokon veit om slike benkar vil me gjerne høyre om det. Me er også svært interesserte i gamalt handverktøy og handreiskap til trearbeid, avsluttar Pedersen.