Grønt og fint høy, turka på ei hesje sett opp på Stormoen i Åmotsdal av Gunnar Kleivi. (Illustrasjonsfoto frå sommaren 2017)
Grønt og fint høy, turka på ei hesje sett opp på Stormoen i Åmotsdal av Gunnar Kleivi. (Illustrasjonsfoto frå sommaren 2017)

Vårknipe heile året

«Nokon som har høy til sals?»

Me er framleis på hardaste vinteren. Ute lavar snøen ned i slike mengder som det visstnok ikkje har gjort sidan nittitalet. Det er lenge, lenge til at groen byrjar å tenkje på om han skal opp av jorda. Frosne sjeler stemmer i med Zacharias Topelius (1818-1898) sin song: «Sov du vesle spire ung, ennå er det vinter, ennå sover bjørk og lyng, roser, hyasinter». Og timotei, engsvingel og andre viktige grasartar som blir bruka til fôr, kan me leggje til.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

«Ynskjer å kjøpe silo rundball».

Og det berre eit par veker etter kyndelsmess! Forutan å vera ein viktig katolsk festdag, som var heilag her til lands til 1771, var 2. februar ein viktig merkedag. Heilt fram til vår tid har det vore viktig å stelle seg slik at folk og buskap overlevde vinteren – helst på ein grei måte. Å ha nok mat og fôr var avgjerande. Kyndelsmess skulle halvparten av fôret vera att. Eller ein skulle vera «halvsjona» som ein mjølkebonde minna venene sine på sosiale medium om den aktuelle dagen. Det blir elles fortalt at det somme plassar var vanleg å ha eit «kyndelsmessemerkje» i høystaden. Då skulle halvparten av fôret vera att.

Men det var før sosiale medium. Før det fanst kjøp-og-sal-grupper der omsetning av dei fleste typar varer skjer kontinuerleg. Der det ikkje eingong blir skild mellom helg og kvardag. Handelen går. Alt er tilgjengeleg – heile tida. For ein generasjon der ord som vinterforråd er som framandord å rekne.

 

«Nokon som sel tørr bjørkeved?»

Kuldeperioden etter jol var lang i år. Kubbe på kubbe blei lagt i omnen for å halde innetemperaturen på eit behageleg nivå. At vedlaet minka faretrugande hindra neppe dei frostige å fyre. Ingen tanke om spara dukka opp i hovudet. Ikkje fryse. Nei, me vil ikkje fryse. Så forståeleg. For noko så ubehageleg som å kulse. Musklar som spenner seg anten ein vil eller ikkje.

Ja då, me veit det ikkje er noko krise om det blir tomt for ved. Det er alltids ein marknad der ute. Tilbod fylgjer etterspurnad, berre ein er viljug til å betala. Og dessutan finst andre varmekjelder. Straum til dømes. Men også der oppstår det år om anna vårknipe. Kraftselskapa sel, og når våren nærmar seg er vassmagasina faretrugande tome.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne vinteren har mange vore råka av straumbrot. Styresmaktene meiner nordmenn til ei kvar tid må vera budd på at straumen kan bli borte i dagevis, og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) ber folk vera rusta mot uventa hendingar. Utanom å ha eit lager av mat og vatn, oppmodar direktoratet, i fylje NRK Hordaland, mellom anna folk om å alltid oppbevare lommelykter på faste og tilgjengelege stader, og ha ein batteridriven radio tilgjengeleg slik at ein kan få viktig informasjon frå nyheiter og styresmakter.

 

«Ynskjer å kjøpe ved».

Ligg det ein tragedie bak her, tru? Eller er det berre nokon som ikkje kan skipe seg? Nokon som ikkje evnar å planleggje?

Truleg ingen av delane. Berre folk som i heile sitt liv har fått alle behova sine stetta umiddelbart. Tom for pålegg? Ta ein tur på butikken. Siste jordepla gjekk med til kotelettmiddagen i går. Ein svipptur innom handelshuset – problem solved. Au då, batteriet i lommelykta virkar ikkje lenger. Må koma i hug å fara innom el-sjappa i morgon.

Likevel – mange har framleis eit passeleg lager av molter, tytebærsyltetøy, tørrmat og boksmat. I tillegg til ein velfylt frysar med fisk og kjøtmat. Og fôr nok over vinteren både til produksjonsdyr, kjæledyr og dyr til hobbybruk. Folk som kan den utdøyande kunsten å skipe seg.