10. klassingen Asbjørn Moen Lognvik nytta OD-dagen til å vere politisk rådgjevar for ordførar i Seljord, Halfdan Haugan. Lognvik ynskjer at kommunen kunne bruke litt pengar frå budsjettet, slik at gang- og sykkelvegen blir i betre stand.
10. klassingen Asbjørn Moen Lognvik nytta OD-dagen til å vere politisk rådgjevar for ordførar i Seljord, Halfdan Haugan. Lognvik ynskjer at kommunen kunne bruke litt pengar frå budsjettet, slik at gang- og sykkelvegen blir i betre stand.

Var ordførarens rådgjevar for ein dag

Hòl i gang- og sykkelvegane, elevmaskiner som må bli på skulen, nytt bibliotek og utviklingsplanar ved næringshagen var nokre av samtaleemna til «politisk rådgjevar» Asbjørn Moen Lognvik (15) og ordførar i Seljord Halfdan Haugan.

– Skulle du fått innblikk i korleis jobben min verkeleg er burde du fylgd meg ei veke, smiler Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap).

På OD-dagen hadde han fylgje av 10.-klassingen Asbjørn Moen Lognvik for ein skuledag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var heldigvis ein litt open dag i dag, med bare eitt møte tidfesta på dagtid, så me har fått snakka og sett på mykje forskjellig, seier Haugan.

Lognvik fortel at han fekk høyre på skulen at det var mogleg å søkje om å vere politisk rådgjevar på OD-dagen.

– Det høyrdes spennande ut, så då søkte eg, seier han.

Spennande

Lognvik fortel at dagen starta med ei innføring i kva som rører seg i ein kommune. Kva det vil seie å arbeide i administrasjonen og kva ein gjer som politisk folkevalt.

Ordføraren tok med den politiske rådgjevaren rundt i kommunehuset slik at han fekk helse på rådmannen, kommunalsjefar og andre som arbeider der, før dei også såg på budsjettet og kva som hamnar på driftog kva som er på investeringsbudsjettet.

Etterpå gjekk turen til Granvin kulturhus for å sjå på det nye biblioteket som tar form, før Lognvik blei med på eit spennande møte i næringshagen der nye utviklingsplanar blei vist fram.

På besøk i næringshagen fekk også 10. klassingen spørsmål om han kom til å vere Seljords ordførar om 15 år. Og då kom svaret raskt.

– Ja, sjølvsagt, svara han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fortau og skuledata

Etter møtet i næringshagen tok 15-åringen ordføraren med på rundtur i sentrum for å gjere han merksam på noko som mange ungdommar er opptekne av.

– Det er hòl og dårleg asfalt på gangog sykkelvegane i sentrum. Det gjer det mellom anna vanskeleg å bruke sparkesykkel. Det synest eg at kommunen burde gjere noko med, seier Lognvik.

– Asfalten utanfor skulen blei lagt i 1993, og eg ser han smuldrar vekk på sidene. Det er tydeleg at dette har vore ein snakkis hos dei unge. Eg kan ikkje love noko, men eg tar med meg innspelet, seier ordføraren.

– Du gjorde meg merksam på ei viktig sak på skulen også, noko eg ikkje kjente til, men som eg nå vil fylgje opp, seier Haugan.

– På skulen arbeider me på datamaskiner, men me får ikkje lov til å ta desse maskinene med heim. Det gjer oss som ikkje har datamaskin heime utfordringar. Me får ikkje gjort leksene, og då får me merknad av læraren, fortel Lognvik som skal samle innspela frå dagen som politisk rådgjevar i ein rapport til ordføraren.

Ein triveleg dag

Haugan gler seg til å lese rapporten som Lognvik skal skrive etter arbeidsdagen dei har hatt saman.

– Eg har sett stor pris på å ha med meg Asbjørn, så dette gjer eg gjerne om att neste år. Det er fint å gje dei unge eit lite innblikk i korleis kvardagen i kommunen er, seier Haugan.

– Det har vore ein spennande og bra dag. Det var moro å sjå kva ordføraren arbeider med, han hadde fleire oppgåver enn eg trudde, seier Lognvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Operasjon dagsverk

- OD-dagen 2017 var 2. november

- Noregs største solidaritetsaksjon arrangert av, med og for ungdom.

- Todelt med internasjonal veke og OD-dagen.

- På OD-dagen gjev skulelevar ein dag av eiga utdanning for å gjere ein jobb som gjev inntekt for utdanning til andre.

- Kvart år blir det samla inn mellom 25 til 30 millionar kroner.

- Operasjon dagsverk blei starta i 1964, og dei har arbeidd med hjelp til 62 land i Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Kjelde: od.no