Femdagarsskule har engasjert mykje i Seljord og alle dei 21 folkevalde i kommunestyret meinte det var rett å utsetje innføringa eitt år.
Femdagarsskule har engasjert mykje i Seljord og alle dei 21 folkevalde i kommunestyret meinte det var rett å utsetje innføringa eitt år.

Utsett femdagars skuleveke til 2019

Kommunestyret i Seljord meinte det var mest rett å utsetje innføring av femdagars skuleveke.

Engasjementet kring innføring av femdagars skuleveke for dei yngste skuleelevane i Seljord kommune har vore stort. Mange har kontakta dei folkevalte, og då ordførar og administrasjonen inviterte til folkemøte på barneskulen i Seljord førre veke var oppmøte godt og signala tydelege om at ein burde vente med innføringa. 

Eit godt ordskifte vart det også då den endelege avgjerda i saka blei teken av kommunestyret torsdag kveld. Elleve politiske innlegg frå talarstolen, både frå posisjon og opposisjon, såg det som mest rett å halde att innføringa, noko truleg mange av dei 190 fylgjarane på web-sendinga var glade for også. Dei folkevalte rosa også det store engasjementet frå innbyggjarane i saka. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når foreldre engasjerer seg slik dei har gjort i denne saka, fortener dei å bli høyrd, uttala Trond Johnsen (Ap) då han fremja eit felles forslag frå Arbeidarpartiet og Høgre om at innføring av femdagars skuleveke for 1. til 4. klasse blir utsett til skuleåret 2019/2020.

Framlegget fekk full støtte frå dei andre politikarane, og eit samrøystes vedtak vart fatta. 

Kommunestyret vedtok også at nytt prisregime for skulefritidsordninga (SFO) blir handsama i samband med budsjett 2019. Dette tyder at det er høve til å nytte same søknadsskjema for SFO som tidlegare, og at prisoppsettet frå vedtak i desember 2017 er gjeldande ut året. 

Klokkeklare signal frå foreldre