Knut Inge Skoland og Gunnar Eilefstjønn i Vest-Telemark næringsforum inviterer til næringstreff i samband med årsmøtet til organisasjonen.
Knut Inge Skoland og Gunnar Eilefstjønn i Vest-Telemark næringsforum inviterer til næringstreff i samband med årsmøtet til organisasjonen.

Utfordrar ordførarar om framtida

Vest-Telemark næringsforum har bede ordførarane Erik Skjervagen (Ap, Fyresdal), Solveig Sundbø Abrahamsen (H, Seljord) og Arne Vinje (SV, Vinje) om å sjå inn i glaskula.

Kommunestruktur er eit tema næringsforumet også tidlegare har prøva å ta opp. Det blei ikkje helsa velkomen då. På næringstreffet på Straand hotell i Vrådal 26. februar har Vest-Telemark næringsforum utfordra dei tre ordførarane til å sjå inn i glaskula og seie korleis regionen ser ut. Ikkje korleis dei ynskjer det, men korleis dei trur det vil bli.

Skal ikkje teikne kart

– Me er ein upolitisk organisasjon. Kommunestruktur er eit tema mange er opptekne av, og det er uunngåeleg å ikkje ta stilling til det i nær tid, seier styreleiar Gunnar Eilefstjønn i VTNF, og legg til at det ikkje er snakk om å teikne noko kart med nye grenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ynskjer å få ballen i gang. Kartet blir lagt av andre om ein ikkje gjer det sjølv. Det er viktig å diskutere dette, seier Eilefstjønn.

Han seier det er gjort ein del bakgrunnsarbeid som tek for seg fordelar og bakdelar, og meiner det er viktig for regionen og vera førebudd på ein diskusjon som vil koma. Etter ordskiftet blir det opna for debatt på det opne møtet.

Bankfusjon

Næringstreffet blir arrangert etter det ordinære årsmøtet. I tillegg til framtidas Vest-Telemark, skal banksjef Ben Roger Elvenes og styreleiar Morten Olav Dyrud i Seljord sparebank seie litt om lokalbankens satsing på næringslivet i framtida, og korleis ein bankfusjon kan påverke næringslivet i Vest-Telemark. Som kjent er Seljord sparebank og Bø sparebank i ferd med å slå seg saman.

NHOs avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling, Per Ø. Langeland, vil gå djupare inn på regionens status i nærings-NM.

Store kapitalutfordringar for regionen

Det er lite risikokapital i Vest-Telemark. Og verre vil det bli.

Tanken om eit såkornfond som mellom anna fødselshjelp for nye bedrifter er ikkje av ny dato, men temaet er minst like aktuelt som tidlegare, meiner styreleiar Gunnar Eilefstjønn og dagleg leiar Knut Inge Brekka Skoland i Vest-Telemark næringsforum (VTNF). Dei ser for seg eit fond på minst 30 millionar kroner, halvparten skal vera lokalt finansiert.

– Det er lite disponibel risikokapital i Vest-Telemark, og verkemiddelapparatet fungerer dårleg, seier Eilefstjønn. Han fryktar spennande nyskapingar kan velje å etablere seg andre stader.

Han veit at det ikkje blir lettare når kapitalkrava til bankane om nokre år blir tøffare, og seier det då vil bli tilnærma tørke på risikokapital. Eilefstjønn peikar også på at Innovasjon Noreg brukar kreftene mot bynære område, framfor å stimulere til distriktsutvikling. Eilefstjønn og Skoland meiner nålauget for mindre satsingar er for trongt for Vest-Telemark, som dei karakteriserer som i pereferien av pereferien (Telemark).

Artikkelen held fram under annonsen.

Då tankane om eit såkornfond blei forsøkt realisert for nokre år sidan, lukkast det ikkje å få med staten på laget. Dei 15 millionane som blei sett av i Vest-Telemark invest er no bruka opp på tre store prosjekt i Vest-Telemark; dei to næringshagane i Fyresdal og Kviteseid og Vest-Telemark teknologipark på Århus i Seljord.

Eilefstjønn meiner tidene har endra seg og at fleire ser behovet for lokalt såkornfond.

– Viss ikkje staten er med ser eg ikkje lyst på det, seier Eilefstjønn, og legg til at dei får gehør i politiske krinsar.

– Me har fått god hjelp av telemarksbenken som døropnar, men det er betenkeleg at det ser ut som byråkratiet styrer. VTNF utan lokalt og regionalt politisk miljø vil ikkje ha ein sjanse til å nå fram, meiner Eilefstjønn.