Det blei to nordiske gull på Fredrik Lønne, som er fast tilsett i bakeriet i Treungen.
Det blei to nordiske gull på Fredrik Lønne, som er fast tilsett i bakeriet i Treungen.

Treungenbakar med dobbelt nordisk gull

Fredrik Lønne på bakeriet i Treungen stakk av med to gull i nordisk bakecup i Stockholm.

Fredrik Lønne frå Porsgrunn blei hyra inn som heiltidstilsett i bakeriet som opna i Treungen sentrum i slutten av juni. Lønne er på det norske bakelandslaget, og nyleg var han og to andre bakarar til Sverige for å tevle mot dei fire andre nordiske landa.

Konkurransen i Stockholm var delt inn i tre kategoriar; brød og bagett, søtbakst og brødskulptur. Dei tre nordmennene tok seg i utgangspunktet av éin kategori kvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me jobba med kvart vårt område – eg hadde brød og bagett. Og ved behov hjelpte me kvarandre som eit lag, fortel Lønne.

Det blei gjeve ut kvart sitt gull til vinnaren av kvar kategori. Lønne blei kåra til Nordens beste brød- og bagettbakar. I tillegg stakk han og dei to andre norske av med laggullet samla sett for kategoriane.

– Det var kjempemoro at eg fekk den tittelen også i same slengen, seier ein smørblid Lønne.