Tre unge gutar i bilulykke i Treungen

Natt til laurdag køyrte ein bil med tre tenåringsgutar av vegen ved kyrkja i Treungen.

– Bilen med dei tre unge gutane i skal ha køyrt av vegen og inn i eit tre. Ulykka fann stad 04.30, melder politiet på Twitter. 

Til TA har operasjonsleiar Erik Gunnerød sagt at gutane var 16, 17 og 18 år gamle. 

– 17-åringen blei køyrt med ambulanse til sjukehuset i Arendal, medan dei to andre blei køyrt til legevakta på same stad. 

Skadeomfanget til 17-åringen er ikkje kjent enno. Dei to andre blei lettare skadd. 

På Twitter skriv politiet at ein mogleg grunn til ulykka kan ha vore at sjåføren har svinga unna ein elg. 

– No har saka gått vekk frå oss og over i etterforsking, seier operasjonsleiaren til VTB rett før halv elleve laurdag. 

– Sist me var i kontakt med sjukehuset var kvart på sju, og då var dei under behandling. Dei to som var lettare skadd hadde kontakt med foreldra sine. Sistemann var tilsynelatande meir skadd, men me veit ikkje kva skadar det er snakk om enno, seier Gunnerød. 

Oppdatering 10.34: På Twitter har akuttmottaket i Arendal skrive at også den innlagte guten skal ha lettare skadar.  

Bilulykke, Treungen, 27.04.19, gutt, mottatt Arendal sykehus, lettere skadet

— SSHF akuttmottak (@Akuttmottak)April 27, 2019