Fjerdeklassingane ved Tokke skule Heidi Anundskås, Olav Prestegard Felland, Aina Moe Haukom, Rosa Viveka Grøstad Johnson, Joyra Ibrahim Mahfoud, Ingrid Karine Olsen, Sivert Rorgemoen, Even Rykkelid, Lorenc Sadrijaj, Håkon Sinnes, Elin Skimmeland, Aleksander Småbrekke, Sebastian Solheim, Linus Sollie og Robin Sollie (tilfeldig rekkjefylgje) blei gullvinnarar i årets Nysgjerrigperkonkurranse. Bak står klassestyrar Ellen Metveit og Newton-programleier og prisutdelar Stian Sandø.
Fjerdeklassingane ved Tokke skule Heidi Anundskås, Olav Prestegard Felland, Aina Moe Haukom, Rosa Viveka Grøstad Johnson, Joyra Ibrahim Mahfoud, Ingrid Karine Olsen, Sivert Rorgemoen, Even Rykkelid, Lorenc Sadrijaj, Håkon Sinnes, Elin Skimmeland, Aleksander Småbrekke, Sebastian Solheim, Linus Sollie og Robin Sollie (tilfeldig rekkjefylgje) blei gullvinnarar i årets Nysgjerrigperkonkurranse. Bak står klassestyrar Ellen Metveit og Newton-programleier og prisutdelar Stian Sandø.

Tokke-elevar er landets nysgjerrigperar

Fjerdeklassingane ved Tokke skule forska på kvifor kvitveisen let seg farge blå, men ikkje raud eller grøn. Prosjektet sendte dei unge elevane heilt til topps i Noregs forskingsråds tevling.

Jubelen stod skikkeleg i taket då elevane tysdag fekk beskjed om at dei hadde sikra seg den gjevaste prisen i open klasse. Elevane fekk besøk frå Noregs forskingsråd og programleiar for fjernsynsprogrammet Newton, Stian Sandø. Sistnemnde dela ut diplom, medaljar og pengepremie til dei glade vinnarane. Heile 150 prosjekt og 3100 elevar var med i tevlinga. 19 prosjekt kom til finalen

Imponerte juryen

– For eit flott og spennande prosjekt. De har jobba utruleg godt med problemstillinga, og hypotesane dykkar var veldig gode. Det er veldig fint at de fortel korleis de tenkte då de laga hypotesane. Me fekk lyst å prøve å farge kvitveis sjølv for å sjå kor utruleg dette er, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga. Det var ein samrøystes jury som gav gull til elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ved å sette kvitveisane i farga vatn med høvesvis blå, raud og grøn konditorfarge at dei fann problemstillinga. Slikt blir det forskingsprosjekt av.

For litt over to veker sidan fekk elevane beskjed om at dei hadde kome til finalen i årets tevling. Forventningane var høge, men samstundes nøkterne.

– Det blir spennande, tenk om me vinn, sa elevane til VTB då.

Prosjektet gjekk ut på å finne ut kvifor kvitveisen berre trekte til seg den blå fargen, men ikkje den raude og grøne.
Prosjektet gjekk ut på å finne ut kvifor kvitveisen berre trekte til seg den blå fargen, men ikkje den raude og grøne.

Glade vinnarar

No har dei altså blitt Årets nysgjerrigperar, og klassestyrar Ellen Metveit fortel om ein glad og overraska gjeng.

– Elevane visste ikkje kva som skulle skje tysdag. Dei trudde det var ein lærareksamen som skulle bli filma då dei kom inn i kulturhuset. Då dei kom dit hadde Newtonprogramleiaren kledd seg ut, og han hadde litt undervisning med elevane. Dei skulle mellom anna bøye verbet å vinne, smiler Metveit.

Ikkje alle var heilt sikre på om dei skulle juble, men etter kvart gjekk det opp for alle at dei faktisk hadde vunne den prestisjetunge prisen.

– Det var moro å høyre elevane seie at det var den beste dagen i livet deira, og at nokon av dei aldri hadde grine av glede før. Med eit fullsett kulturhus blei det ein dag alle seint vil gløyme. Heile skulen var på plass, det same var mange foreldre, fortel klassestyraren.

I tillegg til diplom, medaljar, heider og ære fekk skuleklassa ein sjekk på 15 000 kroner. Også skulen fekk ein sjekk pålydande 15 000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreative unge forskarar

– De laga skikkeleg kreative undersøkingar og de snakka også med fleire forskjellige ekspertar. Men sjølv ikkje dei kunne gje dykk betre svar enn de kom fram til sjølve – nemleg at den kunstige blåfargen er laga av stoff som gjer at kvitveisen trekkjer til seg fargen, medan den raude og grøne er naturleg farge og dermed ikkje noko kvitveisen vil ha, sa Kate A. Furøy prosjektleiar Nysgjerrigper frå Noregs forskingsråd då ho utropa vinnarane.

Gav meirsmak

Klassestyrar Metveit var godt fornøgd med at klassa gjekk til topps i forskingskonkurransen, og ho avslører at dei skal sjekke eit par ting til før prosjektet er heilt avslutta for deira eigen del.

– Me prøvar å få tak i raud og grøn konditorfarge som er kjemisk framstilt. På den måten kan me eventuelt heilt tydeleg konkludere med at det er den kjemiske samansetninga som er årsaka til reaksjonen hjå kvitveisen, seier ho.

– Det gav i alle fall meirsmak både for elevane og meg, og eg er ikkje i tvil om at dette er særs positivt for elevane i læringssamanheng. Dei lærer å vere sjølvstendige, og dei fekk bruk for dei kreative sidene sine, legg ho til.

– Kva skal pengepremiane brukast til?

– Når det gjeld pengane som skulen fekk, må dei vere øyremerka til noko som er knytt til forsking, vitskap eller liknande. Premien som klassa fekk har ikkje slike bindingar, men eg vil førebels ikkje røpe kva dei skal gå til, svarar Metveit lurt.

Du kan lese meir om dei unge forskarane her.