Tilbake til røtene

Svein Ove Hansli sa opp toppjobben i NRK til fordel for redaktørjobb i den usikre avisbransjen. Han høyrde på vinbyggjen i seg.

– Du må gjerne kalle det ei 40-årskrise, seier han med eit flir.

Nokon kjøper motorsykkel, andre skiftar kone eller trenar som ein gal for å få ei svart t-skjorte på Telemarks tak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svein Ove Hansli slutta i drøymejobben.

13 år i NRK

– Det handla ikkje om at eg var lei. NRK er ein fantastisk arbeidsplass. Difor var eg veldig i tvil.

13 år hadde han lagt bak seg i rikskringkastingas teneste. Steig heile vegen i gradene. Frå praktikant, til reporter, vaktsjef i Dagsrevyen og til slutt redaksjonssjef for politikk og økonomi. Plutseleg var det slutt. Folk rundt han lurte fælt på kva han dreiv med.

– Det var mange som synest det høyrdest rart ut. Jobben i NRK var trygg og god. Eg kunne nok heldt fram der til eg blei pensjonist.

Heilt annan kvardag

Hans nye arbeidsplass held til på Grønland i Oslo. På den staden i landet ein kanskje kjenner seg lengst vekk frå bygde-Noreg, held distriktas dagsavis til. I gatene utanfor finn du bodar med all verdas grønsaker og frukt. Det kjennest ut som heile verda har fått plass i bydelen.

Blokka me skal inn i husar underleg nok Landbrukets hus, bladet Traktor og avisa Nationen for å nemne noko. I femte etasje diskuterer ein del av leiargruppa morgondagens oppslag. Hansli har dressjakka på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg merkar at eg er meir tilbake til røtene. Kanskje var det vinbyggjen i meg som gjorde at eg hadde lyst til å teste Nationen.

Han viser oss inn i dei opne redaksjonslokala. Rundt ti journalistar sit framfor skjermane sine, nokon sit i telefonen, men ingen hastar stressande rundt. Kvardagen har blitt endra.

– Det er ein heilt anna måte å jobbe på. Her jobbar me mykje meir langsiktig og djupt i fleire saker. I NRK var det deadline 24/7 og fokus på å alltid vere oppdatert. Her kan me stoppe litt opp og sjå nærare og djupare på den nisjen me driv på med. Det var litt av det eg hadde lyst til også. Ikkje berre jage det nyheitsbilete som endrar seg time for time, men å gå djupare inn i journalistikken. Det er viktig for ei avis som Nationen, me må skilje oss frå andre.

Har snudd trenden

Det er gått fem veker sidan han blei avisas nyheitsredaktør og tok over ansvaret for dei rundt 25 stillingane i redaksjonen. 41-åringen føler han er litt tilbake der han starta, i ski- og snowboardbladet Fri flyt. Andre slit kanskje meir med å sjå likskapen mellom pudderkøyring og EØS-avtala.

–  På litt rare måtar minner det meir om å jobbe i Fri flyt enn i NRK. Her må eg tenkje smalare og litt meir kommersielt. Sjølv om innhaldet er ganske forskjellig er det ein del som er likt frå å jobbe i eit nisjemagasin som Fri flyt var. Eg ser at eg lærte veldig mykje frå den perioden eg har bruk for nå.

Nationen opplevde stor nedgang i opplaget i førre tiår. Botnen blei nådd i 2013 då avisa hadde eit opplag på 11 794. For ei avis som gjekk inn i dette årtusenet med å gje ut nærmare 18 000 aviser om dagen var det dramatisk. Sidan då har pilane faktisk peika oppover, og i 2015 var Nationen ein av to riksdekkjande aviser som faktisk hadde auke i papiropplaget. I dag abonnerer 13 000 på avisa i papirform eller digitalt.

– Eg trur det er mykje potensial i nisjeavisene. Me ser at det er auka interesse om det me skriv om, og politisk sett har det jo det siste året vore ein vind i distrikta si retning. Me kallar det eit distriktsopprør og det er spennande å ta tempen på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får lov å meine for fyrste gong

Du såg han kanskje på Nationen sin stand på Dyrsku’n? For fyrste gong var Hansli på Dyrskuplassen i jobbsamanheng. Gamle kjente kom innom for ein prat og hadde kanskje eit tips om ei sak. Svein Ove tok imot. Det er ein viss sjanse for at ein kjem til å merke at Nationen har ein nyheitsredaktør frå Særensgrend i Vinje.

– Det hadde vore moro å få plass til litt meir frå Vest-Telemark. Me har alt nokre saker på blokka. Men målet vårt er jo å spegle heile landet, så eg kan ikkje vere ein nyheitsredaktør for Vest-Telemark heller, flirer han og legg til.

–  Det er mykje interessant som skjer i regionen og eg er stolt over mykje eg ser. Når det er sagt skulle eg ynskje det var rom for endå fleire som kunne få litt fart på gardsbruka rundt forbi. Eg synest det er ein lei utvikling med mange som legg ned.

– Det synest eg er trist. Når ein kjem litt høgt over havet som i Vinje, må ein ha ein landbrukspolitikk som legg til rette for små bruk og einingar.

Han seier det med tydeleg engasjement for landbruket. Som nyheitsredaktør i Nationen får han for fyrste gong i karrieren lov til å meine noko.

– Det blir nok ikkje hovudoppgåva mi, men når eg har lyst til å meine noko kjem eg til å skrive. I Nationen satsar me på kommentarstoff og her skal me ha lov til å meine litt. Det har eg aldri gjort før i journalistkarrieren og det synest eg er veldig artig.

Ikkje gardsbakgrunn

Artikkelen held fram under annonsen.

Men Nationens nye tilskot har ikkje sjølv gardsbakgrunn. Oppveksten i Vinje reddar han inn.

– Eg kan ikkje skryte på meg at eg er nokon bonde, sjølv om eg blir kalla bonde i byen. Eg har vel ikkje meir erfaring enn at eg har vore i mange fjøs opp gjennom. Når ein veks opp i Vinje er ein jo ein del av eit levande landbruksområde. Me hadde traktor då, og eg er relativt habil med motorsag, ler han.

Det er ennå nokre timar til deadline for morgondagens avis. Nyheitsredaktøren tek ein runde rundt i lokalet og får oppdateringar frå journalistane. Det viser seg at ei av dei har ei mogleg knallsak på gang.

Hansli er trygg på at ei nisjeavis som Nationen har leverett, trass i vanskelege tider for mediebransjen.

– Eg trur Nationen kan nå breiare ut enn i dag. Me skriv om mykje som få andre skriv om, og det er mange som interesserer seg for norsk landbruk og matproduksjon. Målet er å utvikle avisa til å bli meir moderne og tilgjengeleg, slik at me kan nå fleire enn kjernelesarane.

Det er kanskje den utfordringa han sa frå seg toppjobben i NRK for.

– Ja, eg fann ut at eg hadde lyst til å gjere noko anna. Prøve meg utanfor NRK og jobbe med eit nisjeprodukt. Då var Nationen eit godt alternativ.