Tel ned til jol med branntryggleik
Brannvesenet i Vest-Telemark har i fire år vore rundt på barneskulane i regionen for å lære dei om kvifor det begynnar å brenne, korleis ein skal oppføre seg viss det brenn og korleis ein skal sløkkje brannen.
– Er det nokon som veit kvifor det er ekstra mange brannar i desember?
Varabrannsjef Ole John Almenning spør 6.- og 7.-klassingane ved Høydalsmo skule.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Fordi me bakar mykje jolekaker no, svarar Andrea Gulseth (12).
Og forhåpentlegvis er det mange som bakar både sju og åtte slag i desse dagar. Men det er ikkje så ofte husbrannar startar i komfyrane våre. Og det var noko av det brannvesenet i Vest-Telemark var på plass i Høydalsmo for å lære elevane om tysdag morgon.
– Me kosar oss veldig i desember. Og me brukar mykje stearinljos. Den største grunnen til at det begynnar å brenne i vanlege bustadhus er opne flammar. Som stearinljos, sigarettrøyking – alt som har med glør å gjera. Viss ei glo fyk ut av ein open peis, til dømes, forklarte Almenning.
Materiale, oksygen og temperatur
Han fortalde også at mange elektriske apparat – som hårfønarar, mobilladarar og PC-ar – er vanlege årsakar til brann. Og at ein må vera forsiktig med bruken av dei. Til dømes at ein ikkje burde lade mobilen om natta, og særleg ikkje la han liggje i senga medan han ladar.
– Me reiser rundt til 6.- og 7.-klasse, fordi me veit at dei er flinke til å oppfatte det me seier. Og då spreier det seg naturleg til resten av familien dykkar.
Elevane fekk også sjå branntrekanten – som består av materiale, oksygen og temperatur. Dei lytta ivrig til Almenning då han både forklarte og illustrerte at alle tre må til for å få det til å brenne, og at berre ein av dei treng å fjernast for å sløkkje brannen att. Han tente eit stearinljos som han så sløkte med hjelp av eit vanleg vassglas.
I høve årets røykvarslardag – som var i går, 1. desember – fekk elevane kvart sitt røykvarslarbatteri. Alle saman visste kvar røykvarslarane var plasserte i heimen, og lova å teste dei.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fekk prøve å sløkkje brann
Feiar Thomas Auestad var også med, og nede ved Oftevatn arrangerte han brannsløkkingsøving for alle elevane. Alle ville prøve, og alle sløkte som heltar med skumapparata.
I tillegg fekk dei forklart korleis ein ser at eit apparat er brukbart, og korleis ein ser at det er på tide å bytte det ut.
Den nyttige adventskalenderen er i no i bruk i 72 av landets kommunar – frå Alta i nord til Kristiansand i sør.
«Årets julekalender er bygd opp på tradisjonelt vis, med luker som skal opnast kvar dag. Bak kvar luke finn barna ei nettadresse til dagens luke i den tilhøyrande nettkalenderen. Bak lukene i nettkalenderen ligg konkurransar, oppgåver og filmsnuttar. Filminnslaga er frå brannvesen og barn frå ulike stader i Norge, og alle innslaga handlar sjølvsagt om brannførebygging», skriv brannvesenet sjølve i ei pressemelding.