Vinjerevla: Åtte personar kan saume på same tid på den spesiallaga broderigogna.

Fortel historia om Storegut med nål og tråd

Vinjerevla, eit samarbeid mellom Vinjesenteret og Vinje Handverkslag fortel historia om Storegut med nål og tråd. Prosjektet knyter saman kulturhistorie og lokal identitet, og skapar eit rom for kreativitet og fellesskap.

I underetasjen på Vinjesenteret står ei spesiallaga broderigogn, laga av den lokale møbelsnikkaren og geitebonden Olav Rui. Gogna er på 3 meter, med bommar i kvar ende, og plass til fire på kvar side. I den er det montert ei 12,5 meter lang revle, pryda med motiv frå Aasmund Olavsson Vinjes diktsyklus «Storegut» frå 1866. Namnet revle kjem av gamalnorsk refill, som tyder ein lang smal strimmel av tøy.

I oppstarten av Vinjesenteret oppfordra dei lag og organisasjonar til å kome med forslag til samarbeidsprosjekt, og Vinje Handverkslag oppretta ei arbeidsgruppe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inspirasjon frå Island

Tone Svalastog Garnes er ei av kvinnene i arbeidsgruppa og fortel at ho vart inspirert etter ei reise til Island. På tekstilsenteret i Blönduós, nord på Island, broderer dei si eiga lokalhistorie. Etter besøket der kom tanken om å fortelje med nål og tråd også i Vinje. Etter å ha høyrt om erfaringane dei hadde gjort seg på Island, tenkte ho at dette kunne vere midt i blinken som eit samarbeidsprosjekt. Og i tillegg eit initiativ som kunne engasjere både bygdefolk, turistar, unge og eldre.

Inspirert: Tone Svalastog Garnes vart inspirert etter ei reise til Island.

Det er lite som liknar dette prosjektet i Noreg, noko som gjer det ekstra unikt. Tone understrekar at det ikkje er eit lokalt, sært påfunn, men at dei stør seg til ein lang kunst- og kulturhistorisk tradisjon. Mellom anna har ein Bayeuxteppet frå ca. 1070, på 70 meter, som fortel om Vilhelm Erobrarens siger ved Hastings i 1066.

Godt samarbeid

Hausten 2022 starta arbeidet med å teikne arbeidsplanar for prosjektet. Tarjei Østrem Svalastog, ein arkitekt med interesse for teikneseriar, står bak teikningane. Han har i tillegg formell utdanning i teikneseriesjangaren frå Serieskolan i Malmö.

Overføringa frå teikning over på linstoff vart gjort av BitMap trykkeri i Sandnes.

Tone skryter av samarbeidet mellom både teiknar og trykkeri.

– Det er så fint når ein treffer folk som skjønar kva ein treng. Dei har skjøna prosessen og det har vore veldig verdifullt, seier ho.

Arbeidsgruppa frå Vinje Handverkslag hadde ansvaret for fargesettinga av teikningane. Dei var opptatt av å bruke det som er i nærområdet så mykje som råd.

– Derfor ville me gjerne styre fargane sjølve og bruke telespinn sitt garn, seier Tone.

Artikkelen held fram under annonsen.

Arbeidsteikningar på veggen: Kan denne fargen passe, undrar Heidi Hegg.

Møteplass

Det er mange dikt i historia om Storegut, og historia på revla viser eit utval.

– For å yte diktet rettferd, burde det ha vore lenger, men det er eit godt utval av tekstar og stor variasjon i dei tekstane som er valt ut, seier Tone.

Det er far til Storegut som fortel og ber historia. Det fyrste han gjer er å presentere familien sin.

– Den driv dei å saumar på no, seier Tone.

Det er mange som har møtt opp i det gamle klasserommet i kjellaren på Vinjesenteret denne dagen.

– Det er mykje frivillig dugnadsarbeid, understrekar Tone.

I tillegg til arbeidsgruppa til Vinje Handverkslag, er andre bygdefolk innom for å saume nokre sting på revla. Nokon blir sitjande i timevis, medan andre berre er innom for å saume nokre få sting.

Gogna har plass til fire personar på kvar side, så det blir ei slags køordning dei gongene det er mange innom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som sit her no har vore her fleire gonger alle saman.

– Det blir ein møteplass og ein aktivitet som trekker bygdefolk, seier Tone.

Ivrige: Sissel Granum (t.v.) og Heidi Hegg har sauma mange sting på revla allereie.

Høgdepunkt

Sissel Granum og Heidi Hegg er to av dei som har sauma mange sting på revla allereie.

– Me har nok arbeid for iallfall tre år, seier Sissel.

– Eg sa til mannen min at eg håpar eg lever så lenge at eg får sett det ferdig, ler Heidi.

Ho har vore her å sauma dei dagane det har vore opent.

– For kvart sting så forandrar det seg. Ein blir så ivrig og så ser ein kva andre har gjort, så blir ein motivert, seier ho.

– Det er ikkje vanskelege sting og så er det veldig koseleg når det er fleire her, seier Sissel.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjempebra at så mange vil saume. Og at det er saumekø er fantastisk, seier Åse Bratland.

Leggsaum: Stinga er enkle og blir kalla leggsaum eller sparesaum.

Det er tydeleg at dette er eit høgdepunkt i veka for fleire av damene.

– Eg har fått ei så rar uro i meg. Når eg er heime så tenker eg berre på at eg må ned att. Når eg kjem hit så er den vekk, ler Hanna Jordstøyl.

I dag saumar ho skyer og sol, og ho fortel at ho har sauma det meste av teksten på revla så langt. Men ho tar seg tid til ei kaffipause.

Dei passar på å setje seg langt vekk frå gogna, for dei vil ikkje risikere at det kjem flekkar på revla.

Tid til ein pause: Kari Rustberggard (f.v.), Sissel Granum, Sigrun Midtbø og Hanna Jordstøyl tar seg ein pause.

Tema som er like aktuelle i dag

Det er ei god blanding av prat og stille. I eitt augeblikk er det mykje lyd og skravling, medan det i det neste er heilt stille.

– Av og til tenker ein på korleis det var på den tida og korleis ungane hadde det. Det var mange tøffe vilkår, seier Tone.

Ho seier det er lett å tru at ein kjenner Storegut, fordi ein har lese om det i skulen eller lese nokre dikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men så er det så mange fleire tema når ein verkeleg byrjar å lese det. Det er mykje meir å hente, seier ho.

Ho synest det å lesa det på nytt har vore ei fin og god erfaring.

Forteljingane frå Storgut flettar inn hendingar frå fortida, og gir eit innblikk i livet til menneska som levde i området på slutten 1700-talet.

– Men som A.O. Vinje sa; «somt hev eg gjort større og gjævare, somt hev eg gjort mindre og somt hev eg dikta», smiler Tone.

Ho meiner Storegut speglar tema som er like aktuelle i dag. Til dømes verdien av utmark og menneskeleg mot.

Treårig prosjekt

Arbeidet med prosjektet er berekna til tre år.

– Me må nok brodere fire meter i året. Om me greier å fylle denne delen innan 15. juni neste år, så er me i rute, smiler Tone.

Det ser dei lyst på, men det er mange detaljar og ting tar tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sissel fortel at ho sat i 2,5 time ein gong og tenkte ho skulle få gjort mykje.

– Men eg hadde berre gjort eit lite stykke, ler ho.

Alle som vil er velkomne til å ta del i prosjektet. Dei som har vore med, skriv namnet sitt i ei bok og kva dei har sauma.

I sommar var det rundt 250 personar innom.

Vertsskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland seier dei ynskjer å kunne tilby dette til folk som tingar omvising i utstillinga.

– Eg synest det er viktig at dei ikkje berre blir ein passiv museumsgjest, men at dei kan få vere med på noko og gjere noko fysisk, seier ho.

Samarbeid: Tone Svalastog Garnes (t.v.) frå arbeidsgruppa til Vinje Handverkslag og vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.

– Mykje å spela på

Tone meiner at ei slik revle har likskapstrekk med veggaviser. Ho trekker lina mellom prosjektet og A.O. Vinje, som også var journalist, og Vinjesenteret som omhandlar både litteratur og journalistikk.

– Det å fortelje ei historie på denne måten er å endre ein skrivande tekst og fortelje det med bilder, som ein figurativ forteljing, seier ho.

Visuell forteljing: Historia om Storegut blir fortalt gjennom ein teikneserie laga av Tarjei Østrem Svalastog. Arbeidsteikningane heng langs heile veggen.

Tone seier dei har mange idear om temadagar framover, der ein kan ta utgangspunkt i Vinjerevla og historia om Storegut.

– Det er mykje å spela på, seier ho.

Det ferdige produktet er det Vinjesenteret og Vinje Handverkslag som eig saman. Akkurat kor det skal henge og kva det skal brukast til er ikkje bestemt, men dei ser mellom anna for seg at Vinjerevla kan eigne seg til å bli lånt ut til temakveldar, brukast i undervisingssamanheng og liknande.