Skumbad og fellesskap: Over 300 konfirmantar samla for å markere starten på det nye konfirmantåret
Laurdag 26. oktober var over 300 konfirmantar frå heile Øvre Telemark samla i Husdyrhallen i Seljord for å markere starten på det nye konfirmantåret.
Arrangementet, kalla «Konf. Kick-off», er ein tradisjon som Ønsket&Elsket – ungdomsarbeidet i Øvre Telemark prosti i Den Norske Kyrkja – står bak.
Saman med 20 ungdomsleiarar, som alle har fullført leiaropplæringskurset til Ønsket&Elsket, sørga dei for ein kveld full av aktivitetar, latter og samhald. I tillegg til konfirmantane, var også 9.-klassingar som ikkje skal konfirmerast i kyrkja inviterte, med ein tydeleg merknad om at arrangementet var kyrkjeleg og tilpassa deretter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvelden starta med ulike konkurransar og aktivitetar, der ungdommane kunne velje mellom alt frå gladiatorkampar på luftmatter og sumobryting til bildekk-ringspel og lykkehjul.
– Her var det noko for ein kvar smak, fortel arrangør Berthe Tysvær Hegglid, som hadde si første oppleving som arrangør på «Konf. Kick-off» i år.
Høgdepunktet kom då eit gigantisk basseng blei blåst opp og fylt med skum frå ei stor skumkanon. Diskolys og høg musikk skapte ei energisk stemning, og snart var halve bingen fylt av ungdommar som kasta seg ut i skumbadet med høglydt latter, allsong og dansebevegelsar.
– Veldig moro at så mange hadde meldt seg på! Stemninga var på topp heile kvelden, seier Hegglid.
Ho avsluttar med å takke alle foreldra som stilte opp som vakter, og konfirmantleiarane som både var med på aktivitetane og hjelpte til med rydding etterpå. For Hegglid har dette vore ei inspirerande oppleving, og ho ser alt fram til neste års «Konf. Kick-off» i oktober 2025.