Dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark Næringsforum (t.v.) får ikkje ordførar Torstein Tveito med på at Kviteseid går inn med 20 prosent av ressursane i det kommunale næringsarbeidet i eit spisskompetanse-team under Vest-Telemark Næringsutvikling.
Dagleg leiar Olav A. Veum i Vest-Telemark Næringsforum (t.v.) får ikkje ordførar Torstein Tveito med på at Kviteseid går inn med 20 prosent av ressursane i det kommunale næringsarbeidet i eit spisskompetanse-team under Vest-Telemark Næringsutvikling.

Svak kredittilgang bremsar næringslivet

Olav A. Veum, dagleg leiar i Vest-Telemark Næringsforum (VTNF), tok eit oppgjer med prosjektorienteringa av dei tradisjonelle utviklingsmidlane. Han hevda i Vest-Telemarkrådet (VTR) at tilgangen på kreditt er svak i høve til næringslivets trong for kreditt utanfor sentrale område.

Kapitalsvikt råkar distrikta hardast. Annanhandsverdien på næringsbygg er lågare i distrikta enn i meir urbane strøk. Det verkar inn på panteverdien, og i fylgje Veum var dette ei viktig årsak til problema med lånefinansiering for næringslivet. I distrikta må verksemdene bruke mykje kapital på anleggsmidlar fordi det ikkje er mogleg å leige næringsanlegg, slik som i sentrale strøk.

– Når bankane innskjerpar risikoen ved lån er det særleg i distrikt med eit bransjemessig einsidig næringsliv som vert råka. Bankane vert endå mindre viljuge til å vere tålmodig støttespelar gjennom vanskelege tider, sa Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

VTNF-leiaren konstaterte at Vest-Telemark manglar ordningar for såkornfond. Slike fond med statleg risikokapital, finst mange andre stader i landet. VTR har arbeidd for ei slik ordning i regionen, men fekk nei frå Kommunal- og regionaldepartementet. Det var ikkje mogleg å få gehør for eigne programsatsingar for næringsutvikling i Vest-Telemark.

Kompetent næringsapparat

– Kan hende er det for få «gode» prosjekt frå vårt område, nemnde Veum og peikte på at ei positiv næringsutvikling krev eit tilgjengeleg og kompetent næringsapparat. Ei god fagleg rådgjevingsteneste som kan lose verksemder i ulike fasar gjennom byråkrati og støtteordningar for å skape vekst og utvikling. Det er ynskjeleg at næringsapparatet er til stades i kvar kommune, men det er også trong for spisskompetanse, understreka Veum.

Han poengterte at kommunegrenser ikkje må vere førande for det samla næringstilbodet i regionen. Vest-Telemark fungerar som ein bu- og arbeidsmarknad, og vidareutvikling av næringslivet må også skje i eit slikt perspektiv. Veum sa at næringslivet ynskjer å vere ein aktiv samarbeidspartnar i utviklinga av eit Vest-Telemark-team på næringssida lagt inn under Vest-Telemark Næringsutvikling (VTNU).

Spisskompetanse

Eit framlegg om at næringsapparatet i kommunane gjev frå seg 20 prosent av ressursane sine til VTNU for å byggje opp spisskompetanse, er det berre Seljord som er positiv til. Kommunen meiner det kan vere tenleg å samle næringsarbeidet i Vest-Telemark.

Fyresdal og Kviteseid vil ikkje delta i eit spisskompetansesenter ved å redusere eige næringsarbeid med 20 prosent.

– Vest-Telemark-regionen er kapitalfattig

– Vest-Telemark er ein kapitalfattig region. Dette gjeld både likviditet og risikokapital, sa banksjef Gunnar Eilefstjønn i Seljord Sparebank i ei orientering i Vest-Telemarkrådet (VTR).

Gunnar Eilefstjønn slo fast at den globale finanskrisa vil påverke også næringslivet i Vest-Telemark negativt. Likevel vurderte ikkje banksjefen bilete som heilsvart. Han viste mellom anna til at i nedgangstider kjem mange arbeidstakarar heim att frå sentrale strøk.

– Difor er tida inne for å leggje til rette for ei positiv utvikling i regionen. Felles målretta næringsarbeid er viktigare enn nokon gong, meinte Eilefstjønn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finanskrisa gjev også skjær i sjøen som gjer at Vest-Telemark vert påverka. Banksjefen peikte på at avgrensa tilgang på kreditt og eigenkapital vert ei endå større utfordring.

– Store delar av regionen ligg i område som investorar finn marginale. Konsekvensen er at prisen på lånekapital vert høgare og kravet til eigenkapital vert større i Vest-Telemark enn i meir sentrale strøk, fortalde Eilefstjønn.

Han kom også inn på verknadane av finanskrisa så langt for næringslivet i Vest-Telemark. Fleire større verksemder har anten permittert tilsette eller varsla permisjonar. Byggjeaktiviteten er redusert, og i 4. kvartal 2008 vart salet av byggjevarer redusert med 30 prosent. Dette gjev redusert aktivitet i både anleggs- og transportsektoren, og skogbruket slit med reduserte prisar og monaleg mindre aktivitet.

Eilefstjønn opplyste at Seljord Sparebank har eit forventa utlånstap på 0,50 prosent av låneporteføljen. I rekneskapen for 2008 og 2009 stig truleg tapa til 0,85 prosent av låna.