Over 10 000 gjekk opp til Rui og fekk denne utsikta i fjor. I år vil talet bli endå høgare.
Over 10 000 gjekk opp til Rui og fekk denne utsikta i fjor. I år vil talet bli endå høgare.

Steinsett ein av Vest-Telemarks mest populære stiar

Over 10 000 turgåarar går den bratte stien til Rui-plassen på Dalen kvart år. Nå blir halve stien steinsett.

På Tippen i Eidsborgberget er fire sherpaar i gang med å klargjere steinblokkane som skal brukast på stien. Dagen etter skal desse fraktast ned til stien med helikopter og då kan dei fire hardtarbeidande karane frå Nepal for alvor byrje på jobben ingen andre gjer som dei.

1,7 millionar i budsjett

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er spesialisert kunnskap dei sit på. I bratt og ulendt terreng der ein ikkje kan bruke maskiner, er det ikkje så mange andre enn dei som kan gjere dette, seier prosjektleiar Synne Aasland medan ho fylgjer med på jobben som blir gjort.

Dette er eit prosjekt turistkontoret på Dalen har håpa å få i gang lenge og som Anne Gundersen i si tid satt i gang. I år fekk dei endeleg spelemidlar. I tillegg til midlar frå fylkeskommunen, Sparebankstiftinga og Tokke kommune har dei fått dei 1,7 millionane dei treng for å gyve laus på det fyrste trinnet av prosjektet.

– Me er veldig takknemlege for dei midlane me har fått. Rui-plassen er populær og stien er mykje bruka av lokale og turistar. Nå er det stor slitasje på stien, og det er veldig blautt, sleipt og glatt når det er regnvêr. Når me nå får steinsett stien håpar me endå fleire vil gå turen frå Dalen og opp til Rui, seier Aasland.

Sherpaar frå Nepal skal steinsette stigen opp til Ruiplassen
Sherpaar frå Nepal skal steinsette stigen opp til Ruiplassen
Etter ei vekes arbeid på stien er sherpaane godt i gang med steintrappa.
Etter ei vekes arbeid på stien er sherpaane godt i gang med steintrappa.
Slik såg det ut då sherpaane fekk frakta steinblokkene med helikopter over Rui.
Slik såg det ut då sherpaane fekk frakta steinblokkene med helikopter over Rui.

Telemarkskanalen kanalpark har plassert ein teljar på stien og i fjor var det over 10 000 passerande. Så langt i år ligg det an til å bli endå fleire.

LES OGSÅ:Turistar oppdagar Vest-Telemark på Instagram

Skal jobbe ein månad i haust

Dei fire sherpaane starta arbeidet tysdag førre veke og skal jobbe ein månad på Dalen. Alle er dei frå same landsby i Nepal og har jobba med stiar rundt om i landet i fem månader. Sherpaane er vande med bratte stiar og synest ikkje det var spesielt bratt opp til Rui.

– Det var veldig vått, men ikkje så veldig bratt. Det var brattare opp til Kjerag der me kom frå sist, smiler Sono Finjo som også har jobba i Molde, Os og Bergen i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han og dei tre andre arbeidskameratane er tilsett i Stibyggjaren A/S som Geir Vetti driv.

Steintrappa dei nå skal lage vil starte frå botn ved ambulansestasjonen og fortsetje cirka 750 meter opp på stien til krysset før Riarhammaren. Då er ein halvvegs til Rui.

– Trappa blir brei slik at ein kan passere både opp og ned. Me ser for oss at det blir betre å gå med tanke på jordsmonnet. Håpet er jo også å få steinsetje vidare til Rui og endå lengre opp mot Eidsborg til to andre utkikkspunkt, men det er det ikkje midlar til enno, fortel Aasland som er reiselivskonsulent i Visit Dalen.

Bør velje alternative ruter

Ho har tatt oss med ned til startpunktet for stigen og me går eit stykke oppover. Han ber tydeleg preg av ein regnfull haust og ein forstår kvifor turistnæringa vil utbetre han. Sherpaane gjekk gjennom dagen før og merka kva som måtte bli høgd ned langs vegen. Denne dagen ryddar Knut Gaastjønn skog så sherpaane får plass til å steinsette ein breiare stig.

I byggjeperioden vil stien bli heilt stengt nokre dagar når det er helikoptertransport. Sherpaane vil jobbe måndag til laurdag i heile oktober, og kjem tilbake når snøen er reist til våren for å fullføre prosjektet. Turistkontoret oppmodar turgåarar til å velje alternative ruter medan steinsettinga held på.

– Det er fascinerande å sjå korleis dei jobbar, så det er berre å ta ein tur bortom og helse på. Elles ser me helst at turfolk vel alternative ruter opp til Rui framover. Ein kan gå frå kommunehuset og rundt, då kjem du inn på den vanlege stien like ovanfor der dei skal jobbe, seier Aasland.