Statsminister Erna Solberg tek turen til Dyrsku’n 14. september.
Statsminister Erna Solberg tek turen til Dyrsku’n 14. september.

Statsministeren kjem til Seljord og Kviteseid

Statsminister Erna Solberg skal på Dyrsku’n fredag 14. september. Dagen etter går turen til Kviteseid omsorgssenter (KOS).

Statsminister Erna Solberg skal halde den offisielle opningstala på Dyrsku’n. Ho skal også delta i den store landbruksdebatten, der landbruks- og matminister Jan Georg Dale, Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum også deltek.

Det opplyser Dyrsku’n i ei pressemelding. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Temaet for debatten er tørke, klima og berekraft.

– Me er glade og tilfredse med at den politiske eliten i Noreg ynskjer å vera med å setje fokus på desse viktige problemstillingane på Dyrsku’n. Som Noregs største handels- og landbruksmesse skal Dyrsku’n vera ein arena der store nasjonale og internasjonale spørsmål blir belyst. Me ser fram til ein spennande og nyttig debatt om eit tema som er blitt svært aktualisert i løpet av ein utfordrande sommar for norsk landbruk, seier Geir Helge Espedalen, dagleg leiar i Dyrsku’n i ei pressemelding.

Både statsministeren og landbruks- og matministren vil delta på ulike arenaer på Dyrsku’n i løpet av besøket.

Vidare til Kviteseid

Laurdag tek statsministeren turen til Kviteseid omsorgssenter. Det har blitt lagt merke til at omsorgssenteret har redusert sjukefårveret monaleg.

– Statsministeren ser fram til å få ei orientering om korleis tilsette og leiarar ved Kviteseid omsorgssenter systematisk har arbeidd for å få ned sjukefråveret, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog ved Statsministerens kontor. 

Solberg skal også få ei orientering om kva slags erfaringar bebuarar, tilsette og leiinga har av at middagsmåltidet er flytta lenger utpå dagen. 

Les også:Seinare middag gjev helsegevinstar