Truleg vil det kome på plass eit nytt drivarselskap ved senteret på Hallbjønnsekken innan kort tid.
Truleg vil det kome på plass eit nytt drivarselskap ved senteret på Hallbjønnsekken innan kort tid.

Stadig nye skjelett i skåpet

Club Hallbjønn Telemark blir etter alle solemerke slått konkurs ein av dei næraste dagane. – Gamal gjeld gjer det nesten umogleg å drive vidare, seier Roar Solli, som har stått for den daglege drifta.

– Eg trur snøen er eit større problem enn økonomien når det gjeld drift ved Hallbjønnsekken denne påska, sa næringssjef Nils Gjerde i Tokke til VTB dagane før påske.

Akkurat det fekk han rett i. Lite snø gjorde til at det var uforsvarleg å halde skibakkane på Skafsåheia opne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Elles har sesongen vore dårlegare i vinter enn føregåande år. At ski-VM gjekk i vinterferien førte også til at me mista mange gjester den veka. Og at påska i tillegg ikkje blei som forventa, gjer sesongen sett under eitt i svakaste laget. Men slik har det vore andre stader i Vest-Telemark også, seier Roar Solli.

Trur på vidare drift

Han har fungert som dagleg leiar denne sesongen, og har trua på vidare drift.

– Slik eg ser det vil nok eit nytt drivarselskap kome på plass innan kort tid, og målet må vere å få staden til å bli ein sommardestinasjon på lik line som om vinteren. Staden har eit stort potensiale med flott natur, og med enkle grep trur eg på eit fullverdig og godt tilbod til både forbipasserande og hyttefolk. Så fort vegen over Suleskar opnar, blir det kraftig auke i trafikken, slår Solli fast.

– Ny driftsplan bør kome

– Eg trur også det er fullt mogleg å drive senteret på Hallbjønnsekken, men ein må kanskje tenkje nytt. Talet på hytter har auka, men spørsmålet er om auken har vore stor nok til at senteret kan leve av det, undrar næringssjef Nils Gjerde.

Han ser også føre seg at nedre del av alpinbakken bør satse på å bli ein terrengpark med tilhøyrande utstyr.

– For det fyrste er det trenden i dag, og eg har tru på at det vil trekke fleire til sjølve skianlegget. Området er flott, og eg meiner også at det bør lagast ein ny driftsplan som tek sikte på å gjere Hallbjønnsekken til ein heilårsdestinasjon. Å marknadsføre seg i større grad mot Sørlandet kan vere ein start. Elles har me dialog med eigarane av anlegget, men Tokke kommune har ikkje økonomiske musklar å bruke på dette, slår Gjerde fast.

– Eg har forstått det slik at gamal gjeld frå tidlegare drivarar hadde eit større omfang enn kva som var kjent. Derfor må det byrjast på nytt. Club Hallbjønn Telemark er ikkje teknisk konkurs så vidt eg veit, men det er truleg berre snakk om dagar. I byrjinga av juni får ein tru det heile er omstrukturert og i gang att, seier Roar Solli.