Magnus Krog reiste heim med 5. og 10. plass frå dei to renna i Val di Fiemme. Han viste solid hoppform i båe renna. Bildet er frå Lahti førre helg. (Foto EPA/MARKKU OJALA)
Magnus Krog reiste heim med 5. og 10. plass frå dei to renna i Val di Fiemme. Han viste solid hoppform i båe renna. Bildet er frå Lahti førre helg. (Foto EPA/MARKKU OJALA)

Stabil i bakken og framgang i sporet

Magnus Krog (29) reiste heim med to topp ti-plasseringar frå verdscuprenna i Val di Fiemme og ein god dose sjølvtillit før dei komande renna.

I båe dei individuelle konkurransane fredag og sundag hadde Magnus Krog godt utgangspunkt etter hoppdelen av kombinertkonkurransane. Fredag gjekk han ut som nummer fem. I mål var han også den femte løparen som kryssa målstreken. I starten av løpet måtte han gjera mykje av jobben på eit tungt føre i Italia for å ta att leiarduoen Eric Frenzel frå Tyskland og Mario Seidl frå Austerrike. Bak jaga ei rekkje løparar, og Krog måtte innsjå at dei som kom bak kom raskt. Frenzel avgjorde løpet tidleg, og Krog og dei andre måtte kjempe om andreplassen. I den siste bakken før mål gjorde han eit forsøk, men både Johannes Rydzek og lagkamerat Magnus Moan nekta å la høysekken gå frå dei. På oppløpet hadde ikkje Krog krefter til meir enn å stikke foten framfor finske Ilkka Herola og sikre femteplassen.

Har trena hardt

Sundag var det ny individuell konkurranse. Igjen flaug Krog langt i bakken i Val di Fiemme. Han gjekk ut som nummer åtte, men hadde ikkje nok krefter til å klatre på resultatlistene. 29-åringen kom i mål som nummer ti, 50 sekundar bak Frenzel som nok ein gong gjekk til topps føre landsmannen Rydzek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha trøbla med sjukdom i sesongoppkøyringa har Krog bruka tid for å kome seg i form. Dei siste vekene har han trena hardt, og i helga hadde han høvesvis 16. og 15. beste langrennstid.

– Eg hadde lite overskot i langrennet, men i hoppbakken gjekk det kanonbra, oppsummerer Krog.

Måndag reiste han heim til Trondheim. Torsdag set han seg igjen på flyet. Neste konkurranse for kombinertløparane er i franske Chaux-Neuve til helga.

Magnus Krog
Magnus Krog

Det kan bli tett i kampen om plass på det norske laget til VM i Lahti i februar. Jørgen Graabak er beste nordmann på 6. plass. Espen Andersen er nummer ni i samandraget. Krog er nummer 17. Dei andre nordmennene i samandraget er: Mikko Kokslien (19), Håvard Klemetsen (24), Magnus Moan (25) og Jarl Magnus Riiber (29). Fem nordmenn blir tatt ut til VM.

Det er fire tyskarar på dei fire fyrste plassane i verdscupen. Frenzel leiar framfor Rydzek, Fabian Riessle og Bjørn Kircheisen.