Med ein liten spade i bilen kan ein, etter å ha kosta bilen fri for snø, spa vekk nok snø til å komme seg av garde.
Med ein liten spade i bilen kan ein, etter å ha kosta bilen fri for snø, spa vekk nok snø til å komme seg av garde. Foto: Colourbox.com

Snøen lavar ned: – Legg ein spade og kjetting i bilen

Dei siste dagane har snøen lava ned i heile Vest-Telemark. Dei aller fleste av oss har isskrape i bilen, men er du førebudd på meir enn is på ruta?

– Dei fleste av oss har kost og isskrape i bilen, men det er også lurt å ha ein liten spade og kjetting eller liknande. Då er det lettare å kome seg vidare når ein blir overraska av snøvêr, skriv Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF, i ei pressemelding.

Når det kjem store mengder snø er ein fort hjelpelaus når ein kjem til ein nedsnødd bil og skal ut på vegen. Har brøytebilen vore der i tillegg, ligg det ofte ein real snøfonn og pakkar inn bilen.

– Då er det gull med ein liten spade tilgjengeleg. Når du har kosta bilen fri for snø, får du spadd vekk nok snø til å komme deg av garde, fortset Sødal.

Store mengder med snø gjer også at det er lettare å køyre seg fast. Når det kjem mykje snø på kort tid rekkjer ikkje brøytemannskapa rundt raskt nok. Køyrer ein seg fast er gode råd dyre om ein ikkje har hjelpemiddel i bilen. Kjetting eller noko som heiter autosokk, som er eit sett med tekstiltrekk som festes utanpå bildekka, er det beste, men kan vere litt vanskeleg å montere om ein ikkje har gjort det før.

– Det enklaste er «kjetting på boks» som du sprayar på hjula. I mange tilfelle held dette for å komme deg laus, meiner Sødal. – Men det aller beste er kjetting eller autosokk, fortset han.

Har du hatt problem med å komme deg laus i snøen, er det lurt å få tak i nokon hjelpemiddel slik at du slepp å stå fast neste gong.

– Vel du å kjøpe kjetting, er det lurt å trene på å legge den på. Då slepp du å fikle for mykje når du står fast i kulda, avsluttar Sødal.