Folk som treng hjelp må sjølve kontakte den omvendte jolenissen, som så organiserer utdelinga av gåver og mat.
Folk som treng hjelp må sjølve kontakte den omvendte jolenissen, som så organiserer utdelinga av gåver og mat.

Snille folk på handletur

I mange matbutikkar står handlekorger der kundane kan gje varer til vanskelegstilte. Varene blir samla inn og fordelte til dei som spør om hjelp.

I gangen på Rema 1000 i Seljord står ei smekkfull handlekorg. Oppi der kan ein skimte alt frå surkål og grøne erter til kaffi og marsipan. Bak på lageret har kjøpmann Atle Bringsås ei toppa handlekorg til. Han er glad for tiltaket som skiensmannen Runar Abrahamsen har sett i gang, og set pris på at kundane hans engasjerer seg.

– Det er fint å kunne hjelpe nokon som treng det, synest han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Privatpersonar står bak

Ideen til tiltaket «Omvendt jolenisse» fekk Runar Abrahamsen for sju år sidan. Han som privatperson står framleis i brodden for innsamlinga og utdelinga, men har fått med seg sju andre privatpersonar. Tidlegare har dei hatt handlevogner utplasserte i butikkar i Grenlands-området før jol, men i år har dei utvida til butikkar i heile Telemark.

– Korleis finn de fram til dei som treng det?

– Folk må sjølve melde frå om at dei ynskjer hjelp. Det kan anten skje ved at dei registrerer seg på nettsida vår, eller melder frå via facebook. Så tek me kontakt via telefon og spør kva dei treng, seier Abrahamsen.

Til Skien for ompakking

Den omvendt jolenissen fortel at alle varene blir samla inn og frakta til Skien. Der blir dei pakka om og fordelt over heile fylket til dei som har meldt inn behov. Dermed er det ikkje sikkert at marsipangrisen som tante Kari slengde i korga i Haukeli kjem til å hamne hjå nokon i Vinje. Og, understrekar han, ingen har høve til å melde behov for andre. Dette er ei ordning mellom dei trengande og gjevaren, og gjeng føre seg heilt anonymt.

– Me hjelper berre dei som kontaktar oss, forklarar Abrahamsen.