Lekre rettar frå mange land freista både små og store frå mange kantar.
Lekre rettar frå mange land freista både små og store frå mange kantar.

Smaka, prata og smatta

Velfylte fat med matrettar frå femten ulike nasjonar blei tømde i løpet av ein times tid. Den andre internasjonale festen i regi av Røde kors i Seljord samla opp mot tre hundre nye og tidlegare bygdefolk.

Kva med ei eritreisk kyllinggryte? Eller lammekjøt med saus og injera? Elise og Erik Engesæter lét seg ikkje be to gonger då Towen Berihu Mahari frå Eritrea, no busett i Seljord, baud fram mat ho og fleire andre hadde laga i stand. Bortover bordet bugna det av mat frå ulike kantar, så her var det berre å smake. Tone Reiten i Røde kors opplyser at det var Vaksenopplæringa som stod for organiseringa av matlaginga. 

– Me merka oss at veldig mange menn var med på tillaginga av matrettane. Faktisk var opp mot to tredeler av gjengen menn, opplyser Reiten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Internasjonalt «kaos»

Dette var andre året på rad at Seljord røde kors og vaksenopplæringa i Seljord og Kviteseid saman med Seljord folkehøgskule bad inn til internasjonal mat- og kulturfest. I fjor møtte kring 120 personar opp. I år var talet dobla, og vel så det, noko som førte til lange køar framom bordet der dei ulike rettane var danderte. 

Borda inne i gamlesalen på Granvin blei fort fylte opp av gjester, men den romslege foajeen på kulturhuset med bord og stolar gjorde god nytte for smaking og skravling. At dei som måtte finne seg ein plass der fekk høyre og sjå lite av underhaldninga frå scenen, fekk heller så vera.

Språktrening

Representant for arrangørane, Tone Reiten, konstaterer at folk kosa seg, og ho er strålande nøgd med gjestebodet – som blei eit stort kulturmøte. Ho fortel at Røde kors, i samarbeid med Seljord folkehøgskule, har arrangert små kulturmøte gjennom vinteren. 

Etter å ha vurdert litt bestemte Elise og Erik Engesæter seg for å smake på eritreiske matrettar som Towen Berihu Mehari baud fram.
Etter å ha vurdert litt bestemte Elise og Erik Engesæter seg for å smake på eritreiske matrettar som Towen Berihu Mehari baud fram.
– Målet er å blande nye og tidlegare innbyggjarar, seier Tone Reiten i Røde kors om mat- og kulturfesten.
– Målet er å blande nye og tidlegare innbyggjarar, seier Tone Reiten i Røde kors om mat- og kulturfesten.

– Me har hatt både kviss og diskusjonskveldar – alltid med servering. Hovudmålet med tilskipingane er at nye bygdefolk frå ulike nasjonar skal få trening i å snakke norsk, seier ho.