– Me står overfor tøffe utfordringar for å få budsjettet i hamn, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.
– Me står overfor tøffe utfordringar for å få budsjettet i hamn, seier Tokke-ordførar Hilde Alice Vågslid.

Skuggar over kommuneøkonomien

Tokke kommune står overfor tøffe økonomiske utfordringar i åra som kjem. Auka utgifter og minkande inntekter gjev eit gap på inntil 14 millionar kroner for 2014.

– Utgiftene stig og inntektene flatar ut eller minkar. Det betyr i praksis at drifta er for dyr i forhold til inntektene våre. For å få balanse i budsjettet er det tre hovudgrep som må vurderast. For det fyrste kan det vere aktuelt å ta strukturelle grep i skular, barnehagar og innan omsorgstenesta. For det andre kan ein sjå på organiseringa i kommunen og eventuelt redusere stillingar. Ein kan sjå på effektiviteten og eventuelt vurdere å digitalisere enkelte oppgåver. Til sist må ein eventuelt vurdere å redusere omfanget av tenester og dermed senke servicenivået, innleidde konstituert rådman Brit Houge i tysdagens møte i oppvekstutvalet.

Demografien slår ut

Minkande folketal og ein høgare snittalder på innbyggjarane i Tokke gjer at skatteinntektene minkar. Låge straumprisar gjev også nedgang i kraftinntektene som kommunen i mange år har hatt god nytte av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit faktum at 75–80 prosent av utgiftene til Tokke kommune er løn til kommunalt tilsette. I tillegg aukar pensjonsutgiftene monaleg kvart år, og er også ein stor utgiftspost for oss på lik linje med andre kommunar, seier ordførar Hilde Alice Vågslid (Ap).

Buffer

Kommunen har tidlegare hatt store fond som dei har bruka ved behov. I tillegg til at fonda har minka, meiner Vågslid at ein ikkje kan tappe dei meir.

– Me må ha ein buffer og noko av fondet er øyremerkt til næringsutvikling. No må me gå djupt inn i budsjettet og finne innsparingar der slik at me kan skaffe oss eit handlingsrom. Kommunen har vore rik, svært rik, gjennom mange år, og som politikarar må me nok vedgå at me har lagt oss til uvanar. Me hadde råd til nesten kva som helst for ein del år tilbake, slik er det ikkje lenger, fortel ordføraren.

Ho er tydeleg på at hausten blir tøff for politikarane og ho trur det blir vanskeleg å finne løysingar utan at det vil smerte.

– Det er mi oppgåve som ordførar å finne løysingar. Heile kommunestyret er bekymra, og eg ser det som svært viktig at me finn varige løysingar no. Me kan ikkje drive brannslokking år for år. Dei neste åra gjev oss om mogleg endå tøffare økonomiske utfordringar. Derfor er eg innstilt på å ta grep som monnar no, slår ho fast.

– Smertar uansett

– I fylgje framlegget til budsjett er det planområda for oppvekst og omsorg som har fått størst kutt. Er det ikkje tankevekkjande at det er dei yngste og eldste, altså dei svakaste gruppene, eventuelle kutt vil råke?

– Absolutt, men det er i desse planområda at budsjettet er størst og dermed også potensialet for innsparingar. Eg er klar over at kutt vil smerte uansett kvar det skjer. Det er eigentleg to alternativ i mine augo, nemleg å bruke ostehøvelprinsippet der alle planområde må kutte tilnærma likt, eller så er me nøydde til å sjå på strukturen. Det siste vil ha varig verknad, svarar Vågslid.

– Pila peikar nedover

– Om ein ser på eventuell nedlegging av oppvekstsentra, er du ikkje då redd for at kommunen blir råka av større fråflytting og at nedgangen i folketalet vil gå endå fortare enn i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst vil eg presisere at alle elevane og barnehagebarna er like mykje verdt om dei går på Dalen eller ute i oppvekstsentra. No er det tre år sidan førre strukturdebatt og pila peikar likevel nedover, så eg er svært usikker på om bevaring av grendeskulane har så mykje å seie for fråflytting eller ei. Me har sett at samhaldet i bygdene der skule er nedlagt har blitt sterkare og folk står meir samla. Skafså er eit godt døme på det. Kampen for å bevare skulen og barnehagen på Kyrkjebø var også hard då han rasa, men i dag ser me ei bygd der innbyggjarane kanskje står tettare saman enn nokon gong, seier ho.

Arbeider for overskot

Som ordførar er ho plikta til å arbeide for kommunestyrets vedtak om eit overskot i budsjettet for 2014 på 2,5 prosent. Ho er likevel usikker på om politikarane klarer målsetjinga.

– Utgangspunktet er heilt klart. Me har sagt og vedteke at me ska jobbe for eit overskot, og det skal me etter beste evne gjere. Men eg må også vere realistisk. Då er nok eit budsjett som går i balanse, altså i null, det mest sannsynlege. Å levere budsjett med underskot har me ikkje lov til, så me er nøydde til å ta grep, slår Vågslid fast.

Uroa for politikarrekrutteringa

– Dei forskjellige utvala i kommunen har hatt sine budsjettmøte og det er utfordrande og vanskeleg for dei også. Eg har vore til stades på fleire av møta og det har vore gode diskusjonar. No håpar eg budsjettdebatten blir god også i folkemøtet på kulturhuset til onsdag, og at ikkje skulestrukturen overdøyver heilskapen. Eg er klar over at saka rører ved kjenslene til folk.

– Elles skulle eg ynskt det eksistera nasjonale retningsliner for skulestrukturen. Det er fordi eg kjenner til at potensielle politikarar ikkje ynskjer å vere med i politikken på grunn av slike saker. Det har hendt at politikarar har blitt kjefta på, i fritida, om dei går inn for ei sak som råkar hardt. Skulestrukturdebatten kan faktisk vere med på å skremme vekk politikarane, og dermed står rekrutteringa av politikarar i fare, avsluttar ordføraren, og oppmodar samstundes flest mogleg til å kome på folkemøtet.